Om hausten er naturen her full av bær og sopp. Det er alltid like populært med sjølvplukka blåbær med vaniljesaus til kvelds, eller moltekrem til jul med gode minne frå moltemyra. Det er også mykje tyttebær og villbringebær i skogane.
Her fins mange ulike slag bær, og det er mykje av dei både i Vågsli og nedover i bygdene. Her kan du finne kantarell, traktkantarell, skrubbsopp, piggsopp og steinsopp.
For soppentusiastane er det berre å finne seg ein lun skog og byrje leitinga!
Er du usikker på sopp? Sjekk digitalt med Soppkontrollen!
