
Vi ligg på 987 meter over havnivå. Hos oss får du overnatting i vakre omgjevnader, unike turmoglegheiter og heimelaga mat og bakevarer tilverka av lokale råvarer.
Romma våre dekker ulike standardar. Fjellromma har toalett og dusj inne på rommet, sjølvstelleromma har ein liten kjøkenkrok på rommet og felles toalett i korridoren utanfor, medan på sovesal og stabbur er det sjølve senga ein reserverer. Det er òg mogleg å reservere heile rommet om du ikkje vil dele det med andre fjellturistar.
Aktivitetane du kan halde på med her, rommar alt frå private ski-eller fjellturar til fellesarrangement som kitekurs, skredkurs, singel på fjellet og så bort etter. På laurdagar og nokre andre dagar i høgsesong, kan du nyte villmarksspaet vårt etter ein dag ute i naturen. Vi har både utandørs badestamp og badstue med ei fantastisk utsikt over Ståvatn og fjellrekka bak.
Matserveringa vår treff ulike smakar og behov. Er du på veg over fjellet, er det raskt og enkelt å kjøpe rømmegraut, suppe eller kjøtkaker frå buffeen, eller kanskje det rekk med herlege, nybaka bollar frå Bakeri Nansen? Vi har òg andre «àla carte» -rettar som du kan bestille frå Fjellmenyen vår. For buande gjestar som vil ha ei meir eksklusiv matoppleving i helger og høgtider, tilbyr vi tre rettars middag som eit alternativ. Her må du avtale bordsetjing med resepsjonen på førehand.
Vi held ope kvar dag heile året mellom kl. 08.00 og 22.30. Om du kjem fram etter kl. 22.00, ber vi om at du tek kontakt med resepsjonen på info@haukeliseter.no
OPNINGSTIDER I HAUST
Resepsjonen
Måndag – fredag: 08.00 – 22.00
Laurdag og sundag: 07.30 – 22.30
Venlegast gje beskjed til resepsjonen ved ankomst seinere enn kl. 21.30.
Frokost
Måndag – fredag: 08.00 – 10.00
Laurdag og sundag: 07.30 – 10.00
Fjellmeny
Måndag – sundag: 12.00 – 20.00 *Buffet til 20.30
Treretters middag
Fredag og laurdag, bordsetting klokka 18.00 eller 20.00
Trerettars middag må førehandsbestillast.
Bakeri Nansen
Utsalg i hovudbygget frå klokka 10.00 – 16.00
Villmarksspa
Stamp og badstue laurdag: 16.00 – 22.00
Badstoga kan brukas også øvrige dagar, men då må gjesten(e) sjølv ta ansvar for fyring.
For bestilling eller andre førespurnader, info@haukeliseter.no eller bestill direkte sjølv på Haukeliseter.no
Hvert år når snøen smelter fram blir vi litt skuffet over at vi ser så mye søppel rundt omkring i skibakken. Noen er dessverre ikke
Lørdag 31.mai arrangerer Husflidsbue og Haukeli Bue vårmarked i Haukeli-krysset. Det blir mange boder med ulike varer, lokalmat og baklukesalg. JærenToppmat kommer med frukt, grønt,
I år har våren kommet tidlig, og snøsmeltingen er godt i gang – det gir oss noen nye rammer for årets feiring, men også nye
Påmelding er åpnet for begge løp Vinteren er ikke på vår side i år og det lille vi har av snø smelter alt for fort,
Booking via e-post eller telefon.
Vi utfører vedlikehald på nettstaden, for gje deg en enda betre brukaropleving!
Overnatting kan mangle tekst, bilete og info.