DSC_6181

Haukeli Fiskefestival

Barnas Fiskefestival i Haukeli!

Barnas fiskefestival i Haukeli er eit gratisarrangement for barn og unge under 16 år!

Velkommen til fisking ved Velemoen camping! Dato for 2023 kjem etterkvart!

Det blir ulike konkurransar:

  • Dagens største fisk
  • Kven får flest fisk?
  • Kven fangar mest ørekyte?

Ta med deg fiskestong, sluk, spinnar, dobbe, makk, nett og bøtte og bli med!

Praktisk informasjon

Påmelding/registrering er gratis. Du kan registrere deg frå kl. 10:00-13:00.

Konkurransen avsluttas kl. 16:00, premieutdeling ca. kl. 17:00.

Alle som har registrert seg får deltakarpremie! I konkurranseklassene er det fine premiar.

Du kan kjøpe fiskeutstyr (sluk, spinnar, nett, o.l.) dersom du ikkje har alt du treng. Du kan òg låne fiskestang gratis på plassen.

Toalett finn dykk i sanitærbygget på campingen.

Alle barn må vere i fylgje med ein vaksen eller ha ein vaksen som ser etter dei. Me oppmodar òg til å bruke redningsvest.

Reglar for konkurransen delas ut ved registrering!

Mat og drikke

Ein kan kjøpe mat, drikke og is for dei som ynskjer det.

Andre aktivitetar

På Velemoen Camping er det ein fin badeplass. I tillegg kan du prøve å ri på ponni eller prøve SUP-brett!

VEL MØTT TIL EIN MOROSAM SOMMARDAG!

Facebook
Twitter
Email
Print
en_GB