The Right of access (Allemannsretten)

Ein viktig del av kulturarven vår er å vere ute i naturen. Vi har frå gammalt av hatt rett til å ferdast i skog og mark, etter elvane, på innsjøar, i skjergarden og til fjells – uavhengig av kven som eig grunnen.

Vi kan hauste av naturen – ikkje berre saltvassfisk, bær, sopp og blomstrar, men òg inntrykk og opplevingar. Hovudprinsippa i allemannsretten er lovfesta i friluftslova av 1957. Allemannsretten gir ikkje berre rettar, det følgjer òg plikter med. Når du nyttar allemannsretten, skal du te deg omsynsfullt og varsamt. For å vite kva rettar allemannsretten gir deg, er det viktig å forstå forskjellen på innmark og utmark. Enkelt forklart er innmark område som gardsplass, hustomt, hage, industriareal, dyrka mark og liknande areal der allmenn ferdsel vil vere til bry for eigaren av grunnen.

Utmark er alt som ikkje er innmark, og omfattar det meste av skog, fjell, myr og strand. Allemannsretten gjeld i utmark. Der kan du:

  • ferdast fritt til fots og på ski
  • raste og overnatte
  • ri eller sykle på stiar og vegar
  • bade, padle, ro og bruke seglbåt
  • plukke bær, sopp og blomar
  • fiske fritt etter saltvassfisk
 
folk på fjelltur med hund
 

Viss du ferdast og rastar i utmark må du hugse…

  • å respektere ferdselsreglar i frilufts- og naturvernområde
  • at somme stader er det utvida bandtvang og sett grenser for tilgjenget til å tenne bål, så set deg inn i lokale føresegner
  • å bruke etablerte raste- og teltplassar der dette er mogleg
  • å vere forsiktig med eld og sløkkje bålet heilt før du forlèt det
  • å ikkje skade tre når du skal finne ved til bålet – bruk tørre kvister som du finn på bakken 
  • at du ikkje må leggje bålplassen rett på svaberget slik at berget sprekk 
  • å ikkje ta snarvegar over innmark, gjennom tun eller i nærleiken av hus og hytter der det bur folk
  • å ikkje forstyrre dyre- og fuglelivet, spesielt ikkje i yngle- og hekketida
  • å ikkje skade planteliv, særleg ikkje trua og sårbare artar
  • å ikkje forstyrre husdyr på beite og å lukke grinder etter deg 
  • å respektere at andre brukarar kan ha behov for avstand og å ha det stille rundt seg.
 

Med telt og hengekøye…

…kan du fritt overnatte på same staden i utmark i inntil to døgn i låglandet. På høgfjellet og langt frå busette område kan du telte i meir enn to døgn. Om ikkje anna kjem fram av forskrift, skal du aldri setje opp teltet nærmare enn 150 m frå hus eller hytter der det bur folk, og du må passe på at du set opp teltet slik at det ikkje skader ungskogen.

På innmark kan du ikkje setje opp telt utan løyve frå grunneigaren. Du kan tenne bål, men ikkje i skog eller anna utmark i tidsrommet 15. april til 15. september. Du kan likevel tenne bål når det openbert ikkje medfører brannfare. I somme markaområde, friluftsområde og naturvernområde kan det vere forbode å telte, eller området kan ha spesielle reglar for telting. Du bør derfor undersøkje om det er forbodsområde eller andre spesielle reglar der du skal telte.

Viss du set opp telt i utmark, må du hugse

  • å bruke etablerte raste- og teltplassar der dette er mogleg
  • å vere forsiktig med eld og sløkkje bålet heilt før du forlèt det
  • å ikkje skade tre når du skal finne ved til bålet – bruk tørre kvister som du finn på bakken
  • at du ikkje må leggje bålplassen rett på svaberget slik at berget sprekk
  • å leggje teltplassen slik at du ikkje forstyrrar dyre- og fugleliv, særleg i yngle- og hekketida
  • å ikkje lage varige spor i vegetasjonen eller terrenget
  • å ikkje forstyrre husdyr på beite
  • å respektere at andre brukarar kan ha behov for avstand til nabotelt og å ha det stille rundt seg
 

fire menneskar som går fjelltur

 

Med stong eller handsnøre…

… kan du fiske etter saltvassfisk heile året – både frå båt og land. Du kan òg fiske gratis i sjøen etter laks, sjøaure og sjørøye med stong frå land heile året, men det kan vere lokale reglar som set grenser for fiske. Fisket er ikkje tillate nærmare grensa elv/sjø (elvemunningen) enn 100 meter i fredingstida for vassdraget. Når du skal fiske etter laks, sjøaure og sjørøye i elvar og vassdrag, må du betale fiskeavgift til staten og vanlegvis betale fiskekort til grunneigaren. Er du under 16 år, kan du fiske gratis mellom 1. januar og 20. august i vassdrag der det ikkje finst laks, sjøaure og sjørøye. Du kan ikkje gratis drive med krepsefangst eller fiske i kunstige fiskedammar. Enkelte vatn og vassdrag kan likevel vere unnatekne regelen, og for desse skal det vere sett opp skilt om at gratis fiske ikkje gjeld. Før du begynner å fiske, må du setje deg inn i fiskereglane for vatn og vassdrag. 

 

Viss du fiskar i utmark, må du hugse

 
  • løyve til å fiske eller legitimasjon som viser at du er under 16 år
  • å ikkje bruke levande fisk som agn
  • å ikkje flytte levande fisk til anna vassdrag
  • å tørke fiskereiskapar, støvlar og vadarar før du flyttar til eit anna vatn, for å unngå spreiing av levande organismar og eventuell fiskesjukdom 
  • å desinfisere fiskereiskapar som er brukte i vassdrag med smittsam fiskesjukdom 
  • å sløye og vaske fisken i det vatnet han er fanga 
  • å ikkje forstyrre andre fiskarar eller brukarar 
  • å bruke etablerte raste- og teltplassar der dette er mogleg
  • å vere forsiktig med eld og sløkkje bålet heilt før du forlèt det.

Bandtvang

Vis omsyn til beitedyr! I Vinje kommune er det forlenga bandtvang. Du må ha hunden i band frå 1.april til 10. oktober.

barn som fiske i solnedgang

Du kan lese om isfiske i Haukeli HER og fjellfiske om sommaren HER.

Teksten om allemannretten er eit utrag henta frå Miljødirektoratet. Du kan lese resten av teksten HER.

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on email
Email
Share on print
Print

Explore

en_GB

Webkamera-oversikt fra Haukeli

Haukelifjell Skisenter