

Enten du kjem frå aust eller vest langs E-134, bør du leggje kvilepausa di til Mjonøy i Vinje. Det vedfyrte bakeriet vårt er svært populært, og held ope frå påsketider til og med haustferien.
Du kan gå i det sjølvbetjente bakeriet vårt og forsyne deg av store, fristande skillingsboller eller brød frå den vedfyrte steinomnen.
I sommarmånadane er kafeen vår open kvar dag, med blant anna vår svært populære Mjonøyburger på menyen. Her kan du få ein skikkeleg heimegjort matbit. Mykje er basert på lokale råvarer frå Telemark.
Freistar det å bli lenger har me hytter som dekkjer alle slags behov og i tillegg ein liten campingplass øverst på området.
Elvane Klevastøylåi og Smørkleppåi renn rundt Mjonøy og dannar ei øy som du høyrer i namnet. Dei renn sakte forbi og byssar deg i søvn.
På Mjonøy får du kjensla av å koma på støylen i gamle dagar. Her har me 13 unike tømmerhytter til utleige. Hyttene er samla inn frå gardar i Vest-Telemark og har hatt ulike bruksmåtar.
Det var Alv Nergarden frå Smørklepp som byrja å samle inn dei ulike tømmerstogene på seksti-talet.
Alv ville laga ein annleis campingplass. Husa vart demontera stokk forstokk og sett opp att på Mjonøy til overnatting.
Fire av desse hyttene har med åra fått noko høgare standard med nye tilbygg, i tillegg til dusj og toalett. Det er hyttene Totak, Solbu, Gamlestoga og Fjoset. Dei kan du lese meir om nederst på sida.
Me har òg enkle hytter med kjøleskap og kokeplate frå 600 kr. på førespurnad. Felles sanitæranlegg med dusj.
Utvask av hytta kan bestillast, prisane varierar noko etter storleiken på hytta.
Sengetøy kan leigast for 100 kr pr. sett
Handkle: 30 kr
KONTAKT OSS VIA EPOST ELLER TELEFON FOR BOOKING!
I påska har vi satt opp et tett program med aktiviteter for både store og små. Uansett alder og interesse finner du noe morsomt på
Har ikke du booket påskeferien enda? Det er ikke for sent, og vi har noen få leiligheter igjen både i første og andre delen av
Påsken er et høydepunkt på Haukeliseter🐥. I løpet av høytiden skjer det mye på fjellstuen, og aktivitetene er mange. Vi har fremdeles ledige rom i første del (31.mars-5. april) og andre del av påsken (5.-10. april)!
Haukelifjell skisenter inviterar til Pubquiz med Jarleiv og Fredrik laurdag 04.03 i Fjellpuben på Haukelifjell Skisenter. Etter eit par år hiatus er vi tilbake med
Booking via e-post eller telefon.
Vi utfører vedlikehald på nettstaden, for gje deg en enda betre brukaropleving!
Overnatting kan mangle tekst, bilete og info.