Vasseventyret11

"The Water Adventure"

This is an interactive trail with activities for everyone in the family. You can also just go here for a hike. The trail is open all summer.

OBS! Info om vedlikehald av Vasseventyret sommaren 2025: Grunna vedlikehaldsarbeid og utbetring av installasjonane vil det variere kva som kan takas i bruk av publikum denne sommaren. Stien, grillplassane og badeplassane er likevel opne og det er ein kjempefin tur for både store og små!

Velkomen til vasseventyret på Haukelifjell!

Ein interaktiv opplevingssti/turveg med aktivitetar for liten og stor. Stien er open for alle heile sommarhalvåret. Her er vatn og vasskraft hovudtema. Vasseventyret ligg ved Arbuvollen.

Last ned miniguide (PDF)

Fakta om turvegen

  • 1,3 km lang rundtur.
  • Tilrettelagt for barnevogn.
  • Fyrste del av turvegen er tilrettelagt for rullestolbrukarar.
  • Fiskeplass.
  • To fine grillplassar.

Historia om Sildre og Vasseventyret

Du får vere med superhelten Sildre, ein glad og optimistisk vassdrope på oppdrag på Haukelifjell. Han har høyrd at det skjer mystiske ting her oppe, at planter og fisk døyr, og at hans kjære venninne Live er blitt sjuk. Nokon forureinar naturen på Haukelifjell.

Sildre har ein mistanke om kven det er, det er den berykta Vasspyren Surkula som er på ferde. Sildre må rydde oppfør det er for seint! For å vite meir om korleis det går, må du gå turen på Haukelifjell.

Langs turvegen er det fleire installasjonar der du kan teste ut korleis du kan lage straum, sjå kor mykje vatn me brukar på ein dag i motsetning til dei i fattige land. Og ikkje minst kan du ha ein real vasskrig med Vasspyren Surkula!

Praktisk info

Startpunkt
Turen startar ved Arbuvollen og går langs vegen vest for den gamle fjellbutikken. Turvegen er skilta langs vegen frå parkeringsplassen. Du kan ta med deg barnevogn på heile runden.

Tilgjengeleg med rullestol
Den fyrste delen av turvegen frå butikken og ned til fiskeplassen og utsiktspunktet/grillplass kjem ein fram med rullestol. Strekninga for rullestol går på asfalt og grus, og har ein stigning på tre prosent over 500 m.

Køyreforklaring
Turvegen ligg ved E134 på Haukelifjell. Frå aust 21,9 km etter Edland sentrum. Frå vest 10,7 km etter Haukeliseter Turisthytte. Parkering ved Arbuvollen.

Facebook
Twitter
Email
Print