Generell header

Litteraturdagane 25.-28.september

Velkomen til Litteraturdagane og utdeling av Storegutprisen 2025!

Litteraturdagane i Vinje vert arrangert for 24.gong og tema for årets festival er «impulsar».

Impulsar kan vere ein plutseleg tanke, eller det me vert inspirerte av eller påverka av, til dømes naturen eller hendingar og tendensar andre stader i verda. Programmet utforskar på ulikt vis korleis desse impulsane kjem til uttrykk i litteraturen, og kva dei kan fortelje oss, frå det spontane og personlege til det globale. 

Frå 25.-28. september kan du møte forfattarar av både skjønnlitteratur og sakprosa i inspirerande samtalar og innhaldsrike føredrag. Du får tradisjonsrike programpostar som Vesaas-føredraget, samtale med vinnaren av Trajei Vesaas`debutantpris og ikkje minst utdeling av Storegutprisen.

Mellom programpostane kan du ta deg ein matbit frå Bjaaland bygderestaurant eller forfriskingar frå Vinje bryggeri i kjellaren på Vinjar. 

I museumsbutikken på Vinjesenteret kan du kjøpe bøker skrevne av festivalforfattarane. Her finn du også eit stort utval av nynorsklitteratur, ikkje minst bøker om og av Vinje-forfattarane Aasmund Olavsson Vinje, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Haldis Moren Vesaas. 

Som gjest på festivalen har du gratis inngang til museumsutstillinga heile helga. Du kan også vere med å brodere den 12 meter lange forteljinga om Storegut og få omvisning i Vinjestoga. 

For meir informasjon om festivalen, praktisk info om overnatting, festivalpass, osv. KLIKK DEG INN HER!

Dei ulike dagsprogramma kan du òg sjå oversikt over i vår arrangementskalender.
Treng du overnatting? Oversikt over fleire ulike overnattingsstader i Haukeliområdet finn du her.

Logo Vinjesenteret

Nyeste artikler

Vil du jobbe hos oss?

Haukelifjell Skisenter søker etter deltids ansatte til helger og ferier for kommende vintersesong 25/26. Ny sesong er rett rundt hjørnet og vi ønsker gode folk

Les meir