Haukeliseter Fjellstue ynskjer å bidra positivt til mindre matsvinn. Difor er dei med på prosjektet «Good To Go», der du kan få kjøpt gode matvarer til redusert pris.
Istaden for å kaste kjøtt, grønnsaker og bakst på slutten av dagen, gjer dei matvarene tilgjengelege i appen (Good to go). Her får du dagsfersk mat til særs reduserte prisar for å unngå at maten vert kasta.
Slik gjer du:
- Last ned appen (Good to go) i App Store eller Google Play.
 - Finn Haukeliseter på kartet
 - Sjå kva dei har tilgjengeleg av mat akkurat i dag.
 - Reservèr eit måltid eller ein «forundringspose» med bakst.
 - Stopp innom for å hente eller ete maten.
 
VOILÀ! No har du vore med på å redde eit måltid samt fått deg ei fantastisk matoppleving!
Visste du at Haukeliseter Fjellstue i 2017 vann pris for Noregs beste vegmat? Det kan du lese om HER.
				
															




