Litteraturdagane 24.-27. august 2023

I år er temaet for Litteraturdagane «Motkultur», med fokus på motmakt og nynorsk presse. – Me ynskjer å tematisere dei forteljingane som ikkje får omtale, eller som må kjempe for ein plass i den offentlege samtalen, seier arenaleiar Petra Helgesen.

Litteraturdagane har festivalstart torsdag ettermiddag med eit spennande program på Raulandsakademiet. Programmet skal ta for seg folkemusikken som motkultur, og er eit samarbeid med Universitetet i Sørøst-Norge.

Fredag blir festivaldeltakarane invitert til Vinjesenteret og Vinjar, til eit program der forteljingane er i fokus. Korleis gjev nynorske lokalaviser rom for forteljingane? Her samarbeider Litteraturdagane med Vest-Telemark blad, lokalavisa som har 50-årsjubileum i 2023. Fredagen vil også innehalde eit heimlengt-tema, der ulike journalistar og forfattarar skal samtale om å flytte ut i distrikta som ein del av ein motkultur.

Laurdag er det festivalprogram i Vinjar på dagen og i Edland på kvelden. Programmet har fokus på motmakt og motstand, både i distriktsopprør og anna konflikt.

The event is finished.

Hourly Schedule

Torsdag 24. august

17:30
Folkemusikk som motkultur
Raulandsakademiet
20:30
Konsert med ISÁK
Raulandsakademiet

Fredag 25. august

12:00
Nynorsk presse og heimlengt
Vinjar
18:30
Diktarpub og konsert
Vinjar

Laurdag 26. august

13:30
Motmakt
Vinjar
18:00
Festkveld
Edland

Sundag 27. august

11:00
Festivalgudsteneste
Grunge Kyrkje

Når

24 aug 2023
Expired!

Tidspunkt

All Day
nn_NO