Haukelirennet startfelt

Haukelirennet 15. april 2023!

Om Haukelirennet

Haukelirennet er eit internasjonalt turrenn som blir arrangert av Idrettslaget Rein på Haukelifjell kvart år. Start og mål er i Haukelifjell skisenter, og løypa slyngar seg gjennom majestetisk natur på flotte Hardangervidda. Dette er Noregs blidaste turrenn!

Skiglede, rekruttering og mangfald er i fokus, og både eliten, ungdommar, aktive skiløparar, mindre aktive skiløparar, barnefamiliar og turgåarar er på plass når Haukelirennet går av stabelen på vårsida. Haukelirennet har nemleg ei distanse for alle – både med og utan tidtaking.

Vårsol, norske flagg, kvite vidder og rungande jubel er stikkord som skildrar denne dagen. Velkommen til Noregs blidaste turrenn på Haukelifjell 15. april 2023!

Om distansane

Haukelirennet er 32 km langt og går i fristil. Det blir køyrd klassiskspor for dei som ynskjer det. I same felt som dei aktive startar også mosjonistane som enten kan gå 32 km eller 18 km og ungdomsklassa som går 12 km på tid. Trimmarane kan gå så langt eller kort dei sjølv ynskjer. Vennerennet for dei yngste er gratis og finn stad i Haukelifjell skisenter.

Meir info om distansane: http://haukelirennet.no/klasser-prisar-og-seeding/
Praktisk info: https://haukelirennet.no/praktisk-info/
Påmelding: https://signup.eqtiming.com/?Event=haukelirennet

 

The event is finished.

Når

15 apr 2023
Expired!

Tidspunkt

09:00
nn_NO