vinter-17-1920

Vinterferie i Haukeli 2022

Facebook
Twitter
Email
Print

I Haukeliområdet kan ein finne på mykje om vinteren! Her kjem nokon forslag til vinteraktivitetar.

Langrenn

Det er milevis med preparerte langrennsløyper i Haukeliområdet. I Edland er det ei lun og fin ljosløype i skogen, i Vågslid finn både ljosløype og skiløyper som strekk seg over innsjøar og opp i høgfjellet. Du kanlese meir om langrennstilbodet og sjekke status på preparerte løyper HER.

Alpint

Haukelifjell skisenter er eit fantastisk skiområde for heile familien. Dei får mykje av nedbøren frå vest som snø, men i tillegg har dei «austlandsklima» med mange soldagar. Frå skitrekket kan du køyre preparerte løyper i ulik vanskegrad, men du har òg tilgong til frikøyring og leiken skogskøyring.

Vennebakken

I Haukelifjell skisenter finn du òg eit 80 m langt skiband som ligg skild frå resten av skiheisane. Dette området er tilpassa born opp til 10 år. Her finn du ein liten skibakke, samt akebakke. Barnebandet ligg tilknytta Tyrvelidhallen (varmestoga) slik at ein enkelt kan ha oversikt derifrå. Barnebandet og vennebakken er gratis for alle!

Hundekøyring

Haukeli Husky tilbyr turar med hundespann. Turane er av ulik lengde slik at du kan finne ein tur som passar for deg. Glade og kosete huskiar tar deg med på tur i storslagen natur! Les meir om hundekøyring HER.

Topptur

Frå E-134 over Haukelifjell har du lett tilgang til frikøyring som passar for alle nivå. Frå bratte renner og store fjell, til terreng som du òg kan køyre ned på fjellski. Topptur til Stavsnuten er ein klassiker du lett kan komme til frå E-134. Gode parkeringsmoglegheiter ved foten av fjellet er det som regel også!

Stavsnuten Haukelifjell
På veg opp mot Stavsnuten (1661 m.o.h.)

Villmarksspa

På Haukeliseter Fjellstue kan du nyte fantastisk høgfjellutsikt frå den vedfyrte badestampen eller frå badstoga med paroramavindauge som vender ut mot Ståvatnet og fjella i sør.

Haukeliseter badestamp villmarksspa

Kurs i snøkiting og andre aktivitetar

Kvar helg gjennom heile vinteren finn du ei mangde ulike kurs knytt opp mot friluftsliv og sport på Haukeliseter Fjellstue. Også i vinterferien køyrer dei fleire kurs du kan ta del i. Oversikt finn du i vår arrangementskalender.

Vinjesenteret – nasjonalt senter for dikting og journalistikk

Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk, med ekstra vekt på Aasmund Olavsson Vinje, Halldis Moren Vesaas, Tarjei Vesaas og Aslaug Vaa. Målet er at gjestene som besøker utstillinga skal få eit innblikk i kva dikting og journalistikk fortel om, og tyder, for oss menneske.
Vinjesenteret opna i 2021, og er eit moderne kulturinnslag i området vårt!

VELKOMEN TIL VINTERFERIE I HAUKELI!

Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

17. mai feiring på Haukeliseter

Tradisjonen tro markerer vi nasjonaldagen med flaggheising, nasjonalsang, tog og en velsmakende 17. mai-meny. Kombiner feiring av nasjonaldagen og sesongavslutning med en langhelg på fjellet

Les meir

Dj Røher i Fjellpuben

Dj Røher fra Haugesund inviterer til afterski og påskefest på Fjellpuben på selveste påskeaften! Forvent en deilig blanding av hiphop, dansbar pop, electronica, funk og

Les meir
nn_NO