Skikk og bruk i skisporet

Facebook
Twitter
Email
Print

Sjølv om løypenettet er stort, så er det tidvis ikkje til å kome ifrå å møte på andre folk i skisporet. Her er nokon tips og triks for å unngå kollisjonar og misforståingar!

LØYPE!

Kanskje du føler at du flyg bortover og plutseleg er det ein treig søndagsløpar framom deg i skiløypa. LØYPEEEE!!, skrik du.
Tja, no har liksom «løype» blitt litt utdatert. No brukar dei fleste berre å sei «Hei!», eller kanskje « Hei, venstre.» slik at dei veit kor du har tenkt og passere. Det er litt høflegare enn «løype!».

Høgreregel og vikeplikt

I skiløyper med fleire spor er det slik at ein gjerne held seg i høgre spor.
Nokon stader er det berre eitt spor; kva gjer du då? Hovudregelen er at den som går oppover vik for den som kjem nedover.

Ein bør òg vere grei og vike for ungar og eldre. Det er så mykje meir gjestmildt for alle dersom du som er rask og flink tek hensyn og kanskje til og med skryt litt av dei små.

Forbikøyring

Du anar at det kjem ein skiløpar i kjempefart bakfrå. Han pustar deg nesten i nakken. Du tenkjer kanskje at du bør hive deg ut av sporet slik at han kjem forbi? Nei, det er eigentleg slik at den som skal passere må ut av sporet. Hugs at dei som er superraske ofte har meir enn nok energi til å gå ein liten «omveg» rundt deg 😉

Pausetid

Det er fort å ta seg ut når ein kosar seg på ski. Spesielt når ein dreg på opp ein bakke! Hugs berre å gå litt ut av sporet når du stoppar opp. Og ikkje stopp opp i ein nedoverbakke eller i ein uoversikteleg sving.

Hund

Ein kan ikkje nekte for at det er moro med drahjelp av ein hund på ski! Kilometerane berre flyg av garde og to- og firbeinte kosar seg. Nokon hundar er veldig flinke til å halde seg saman med eigaren sin og kan i utgongspunktet gå lause. Her i Vinje er det ekstraordinær bandtvang i preparerte skiløyper heile vinteren, difor må alle hundar vere i band.

Det kan vere greit å ha eit band som ikkje er for langt. Langliner kan fort komme litt i vegen for møtande skiløperar. Mange kan bli litt redde dersom det kjem ein hund med ein skiløpar forbi i veldig stor fart, så gjev folk gjerne ein liten «heads-up» at du kjem dersom dei ikkje ser deg.

Og du, hugs å fjerne hundelorten frå løypa. Det er bokstaveleg talt drit for eit born å gå rett på trynet i….ein lort. Og dersom du synes is i rubben gjev dårleg gli – då har du ikkje prøva hundelort!

GOD TUR! 😀

Hundar i band som tar pause litt på utsida av løypa.
Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

stolpejakt 2022

Stolpejakt i Vinje 2022

Vinje kommune har også i år, saman med Vinje IL, IL Dyre Vaa, IL Rein, Rauland Skisenter, Raulandsfjell og personar i Øyfjell sett ut 71 stolpar i

Les meir
Haukeliseter E-134 sommer

Vegarbeid over Haukelifjell 2022

Det blir også i sommar vegarbeid og kolonnekøyring over Haukelifjell rundt Vågslidtunnellen og Haukelitunnellen over Dyrskar. Oppstart er 15.juni. Inga nattestenging Det blir trafikkavvikling med

Les meir

17. mai feiring på Haukeliseter

Tradisjonen tro markerer vi nasjonaldagen med flaggheising, nasjonalsang, tog og en velsmakende 17. mai-meny. Kombiner feiring av nasjonaldagen og sesongavslutning med en langhelg på fjellet

Les meir
nn_NO