Storslagen natur!

Påske i Haukeli

Facebook
Twitter
Email
Print

Lurar du på kva for eit fjell du skal til i påska? For mange er det Haukelifjell som er den sjølvskrivne destinasjonen for sol, snø og høgfjell.

Fjellpåske på Haukeliseter Fjellstue

På Haukeliseter er det eit tett program for store og små i påska. Alt frå besøk av Turbo og påskeharen for dei minste til skihoppkonkurranse og afterski med snøbar. Villmarksspaet er ope og det er sjølvsagt høve til å kjøpe seg nydelig trerettars middag i restauranten og bakevarer i Bakeri Nansen. Haukeliseter er eit fantastisk utgangspunkt for fjellski, topptur og snøkiting. Det er òg kort veg til Haukelifjell Skisenter. For fullt påskeprogram på Haukeliseter, klikk deg inn her.

Haukelifjell Skisenter

  • Rossmann m/band i Fellpuben, Skjærtorsdag kl. 20:00-22:00 (Inngang kr. 200,-)
  • DJ Røher, Afterski og utover kvelden, Påskeaften (gratis inngang)

Plogen Skiklubb

  • Telenorkarusellen 9.april kl. 12:00-14:00. Påmelding 10:30-11:30 i Plogen-teltet. Gratis arrangement med deltakarpremie til alle.
  • Barnerenn Alpint 10.april, kl. 12:00-14:00, påmelding 10:30-11:30.

Mjonøy

Endeleg opnar Mjonøy! På Mjonøy får du kjøpt steinomnsbake brød og førsteklasses bakevarer kvar dag i påska frå og med fredag 8. april og ut påskeveka.

Mjonøy boller
Nybake bollar med eplefyll på Mjonøy bakeri.

Husflidsbue i Haukeligrend

Husflidsbue har ope frå kl. 11-16 desse dagane:

  • Laurdag 9. april
  • Måndag 11. april
  • Tysdag 12. april
  • Onsdag 13. april
  • Laurdag 16. april

Diverse gudstenestar

Det vil vere påskegudstenestar både i Vinje kyrkje, Grunge kyrkje og Karten fjellkyrkje på Bykleheie. Full oversikt finn du i kalenderen vår.

VELKOMEN TIL PÅSKEFERIE!

Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

Haukelirennet glade deltakakarar

Haukelirennet 13. april 2024

Noregs blidaste turrenn! Haukelirennet er eit internasjonalt turrenn som blir arrangert av Idrettslaget Rein på Haukelifjell kvart år. Start og mål er i Haukelifjell skisenter,

Les meir
nn_NO