Vinjesenteret er eit museum for litteratur og journalistikk med utgangspunkt i journalisten
og diktaren Aasmund Olavsson Vinje og diktarane Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren
Vesaas. På senteret kan du bli kjend med dei fire store diktarane, lesa utdrag frå bøker og
journalistikk, sjå bilete, sitat og flotte digitale installasjonar. Du kan òg spela spel om
kjeldekritikk, leike i barneløypa og finne deg til rette i lesekarnappet med ei god bok.
Vinjestoga
Rett ved Vinjesenteret ligg Vinjestoga. Her kan du høyre forteljinga om forfattaren og
journalisten Aasmund Olavsson Vinje. Framleis står mykje av interiøret att frå den tida då
Aasmund og familien hans budde der. Omvising i Vinjestoga kan tingast frå mai til november.
Midtbø
Sumaren 2026 tilbyr Vinjesenteret omvisingar i diktarheimen Midtbø, der diktarparet Halldis
Moren Vesaas og Tarjei Vesaas budde saman frå 1934 og livet ut. Her skreiv dei mesteparten
av bøkene sine, levde familieliv med to barn, tok imot kollegaer og andre
Vinjerevla
Vinjerevla er eit broderiprosjekt i samarbeid med Vinje handverkslag, der gjester ved
Vinjesenteret kan vere med å brodere ein 12,5 meter lang revle basert på diktsyklusen
Storegut (1866) av Aasmund Olavsson Vinje. Saumen er så enkel at alle kan bli med!
Opningstider Vinjerevla
Februar til april: onsdagar 11.00–15.00
22. juni–16. august: kvar dag 11.00–14.00
Litteraturdagane og andre arrangement
Vinjesenteret tilbyr arrangement gjennom året for både born og vaksne. Den største
hendinga er festivalen Litteraturdagane som finn stad siste helga i september kvart år. Her
kan du lese meir om festivalen og andre arrangement.
Omvising på Vinjesenteret kan tingast på e-post vinjesenteret@nynorsk.no eller på tlf.
46706073
Opningstider
22. juni–17. august
måndag–sundag: 11.00–17.00
Før 22. juni og etter 17. august
tysdag–fredag: 12.00–15.00
laurdag: 12.00–17.00
sundag og måndag: stengt
Januar
Stengt, men ope etter avtale.
Midtbø
21. juni –12.juli vil familien Vesaas ha omvisingar på Midtbø
Tysdag–sundag frå kl. 12–17
14. juli–16. August vil Vinjesenteret ha omvisingane
Tysdag–sundag frå kl. 12–17






