Urdbouri

Urdbøuri

Ved vestenden av Totak i bygda Arabygdi finn ein det som truleg er Nord- Europas største steinur.

Urdbøuri og Torsvegen

Ved vestenden av Totak i bygda Arabygdi finn ein det som truleg er Nord-Europas største steinur. Den vert kalla Urdbøuri. Ura ligg på tvers av dalen og fyller heile området med stein

Uravert rekna for å vere temmeleg gåtefull, dådalføret er for vidt og fjella ikring for lave til å kunne gje eit slik resultat. Derfor finnast det fleire segn om Urdbøuri. Det einesegnet seierat det var Tor med hammaren som slo hammaren sin i fjellet i vrede. Han vart rasande då han ikkje blei tilboden meir øl i eit bryllaup på ein gard som låg her. Steinmassane ramla nedoverpå folket og garden, men så glapp hammaren ut av henda hans og forsvann i steinura. Tor for så igjennom ura og kasta stein til side gjennom ura for å finna igjen hammaren sin, og det var slik Torsvegen blei til.

Ved Urbøuri finn ein også ein merka tursti som vert kalla Torsvegen. Vegen er ca 1 km lang og gjeng tvers igjennom steinura. For dei som vi ta seg ein tur i den kjende ura er dette ein lett og fin tur, midt i ein attraksjon.

Slik kjem du til Urdbøuri:

Frå Haukeli: Ta av E134 og inn på rv 362/ Storegutvegen ca 2 km. Ta av mot Arabygdi og følgr v 362/Arabygdvegen. Etter ca 13 km kjem du til Urdbøuri. Vegen gjeng igjennom ura. Torsvegen er skilta ved vegen.

Facebook
Twitter
Email
Print
nn_NO