I Haukeliområdet er det mange sykkelmoglegheiter!
Nokon vel ein kortare tur rundt «Bygdevegen» i Edland, mens andre tek for seg heile fjellovergangen over Haukelifjell langs E-134. Syklar ein over fjellet, kan ein nyte utsikta frå småvegane som går på utsida av tunellane.
Ein annan fin tur er RV 9 til Hovden frå Haukeligrend.
Det er mange stiar å utforske dersom du vil prøve deg på offroad sykkel! Sjå kart over nokre sykkelstiar her: www.ut.no
Sjekk også ut Reinparken sykkelpark og aktivitetsløype ved Edland skule. Der finn du asfaltert pumptrack, wallride, ferdighetsløype og hopplinje!