reinparken-hopplinje

Reinparken sykkelpark og aktivitetspark

Reinparken i Edland inneheld mellom anna ein asfaltert pumptrack, hopplinje og ferdigheitsløype for sykkelaktivitetar.

Reinparken er ein aktivitetspark under oppføring ved Edland skule, nokre få kilometer aust for Haukeli sentrum. Dette skal bli ein sosial møteplass og «morosam omveg», og består av sykkelpark, joggeløype og etter kvart badeplass. Sykkelparken er klar med ein stor, asfaltert pumptrack, hopplinje og ei sykkelferdigheitsløype.

Pumptrack i Reinparken. Etterkvart vil det også komme ein wallride.
Hopplinje

Sykkelparken er ope for alle, og ein parkerar ved skulen. Reinparken passar for ulike ferdigheitsnivå og alle aldersgrupper. Hugs hjelm!

Historia bak Reinparken

Reinparken er ein del av Tverga (ressurssenteret for egenorganisert idrett og fysisk aktivitet i Noreg) sitt prosjekt «Ein morosam omveg».

Sykkeldelen av parken er bygd av Rekkje stiutvikling.

Under kan du sjå ein liten video om korleis parken blei til!

Velkomen på besøk i Reinparken!

Facebook
Twitter
Email
Print
nn_NO