Haukeli husky

Hundekøyring, vinter

Opplev hundekøyring og ekte villmarksopplevingar med Haukeli Husky

Det einaste du ser er fjell, det einaste du høyrer er vinden som susar, din eigen pust, sleden si knirking og mjuke, raske potar mot snøen.

Det å køyre sitt eige hundespann av venlege, topptrente Alaska Husky gjennom villmarka, er ei meir fantastisk oppleving enn det  du kan førestille deg. Lær korleis du styrer ditt eige hundespann og kort tid etter susar du lydlaust inn i villmarka.‍

Haukeli husky hundespann

Rundtur – Ein smakebit av hundekøyring!

Denne turen er for deg som er litt nyfiken på kva hundespannkøyring er. Sjølve turen ute på fjellet tek ca. 1 time, men vi bereknar ca. 1,5 time inkludert førebuingar og avslutning.

Turen startar med instruksjon og informasjon om korleis du styrer eit hundespann. To personer delar på å køyre eit hundeslede med 6 hundar foran, den eine styrer sleden medan den andre sit på, vi bytter sjåfør midtveis i turen.

Du treng ingen erfaring med hundekøyring for å vere med på denne turen. Det einaste vi krev, er at du som køyrer spannet må vere i god fysisk form.

Så ber det av stad på tur i vakkert fjellterreng!

Sesong: Denne turen går kvar dag heile vinteren

Inkludert: guiding, varme klær og sko

Minimum påmelde er to vaksne

Halvdagstur

Denne turen rettar seg mot deg som ynskjer å bli litt betre kjend med kva hundekøyring er. Turen går i lett kupert fjellterreng i eit vakkert villmarksområde. Vi legg inn ein stopp i vår lavvo, der er det tid til ekstra kos med hundane og de får enkel matservering av suppe og kaffe/te/kakao.

Turen startar med instruksjon og opplæring i korleis du køyrer ditt eige hundespann. To og to delar på å køyre ein hundeslede med 6 hundar foran. Den eine styrer, medan den andre sit i sleden, vi byt sjåfør undervegs i turen.

Du treng ikkje erfaring med hundekøyring for å vere med på denne turen. Hundane dine følgjer naturleg etter vår profesjonelle guide, som alltid køyrer fremst med sitt spann. Det einaste vi krev, er at som køyrer sleden må vere i god fysisk form.

Sesong: denne turen går kvar dag heile vintersesongen.

Start: 9.30 og 14.00

Varighet inkludert instruksjon: ca. 3 timer.

For å overnatting hjå Haukeli Husky, klikk deg inn her.

Facebook
Twitter
Email
Print
nn_NO