vinter-17-1920

Fjellskiturar

For den som ynskjer å kome seg opp på høgfjellet, kan det anbefalast med fjellski i upreparerte løyper berre markera med kvistar.

For den som ynskjer å kome seg opp på høgfjellet, kan det anbefalast med fjellski i upreparerte løyper berre merkt med kvistar. Her fins dei klassiske, kvista løypene Kjelaløypa og Ulevåløypa som byrjar og sluttar på Haukeliseter fjellstue.

Men for den som er fjellvand er det også mogleg å få seg ein tur til dømes til vakre Vassdalseggi eller den litt enklare og meir familievenlege Veslenup.

Vis omsyn til villreinen!

Om vinteren og våren kan det vere villrein i området. Reinen frå Setesdal- og Ryfylkeheiane trekk ofte nordover for betre vinterbeite. Dersom du observerar rein eller ferske spor, bør du trekke deg vekk til eit anna område. Spør gjerne på Haukeliseter om observasjonar av rein, eller alternative stader du kan gå dersom det er rein i eit spesifikt område.

Om våren, før og i kalvingstida, er reinen ekstra sårbar. Då trekk han ofte ned frå høgfjellet for å lettare få tilgang på mat når snøen smeltar. Det er ein del av allemannsplikta å vise omsyn til natur og villrein. Trekk deg stille vekk frå dyra, og meld i frå om observasjonar.

Facebook
Twitter
Email
Print
nn_NO