Bading i Haukeli: Foto Fredrik Haaverstad

Bading

Bading i Haukeli – ei frisk oppleving!

Mange drøymer om å ta ein dukkert i eit klårt fjellvatn etter ein varm dag på fjellet. Det er ikkje langt mellom desse vatna her! I tillegg til avsidesliggjande fjellvatn har me òg fine badeplassar. Her kan du kose deg til langt utpå kvelden.

I Edland renn Kjelaåi roleg og badetemperaturen i munninga til Tveitevatnet er upåklageleg. 
For å kome seg til badeplassen på Sundflaten, køyrer du langs E-134 aust for Edland, ta av der det står skilta til Haukeli Skianlegg, køyr så over brua og ta til venstre. Badeplassen ligg på venstre side ved skianlegget.

For dei aller mest hardbarka kan kanskje snobading på Haukeliseter Fjellstue med påfølgande Villmarksspa høyres freistande ut?

Haukeliseter bading
Facebook
Twitter
Email
Print
nn_NO