Norgesferie med Haukeli som basepunkt

Facebook
Twitter
Email
Print
Kvifor ikkje legge sommarferien 2021 til Haukeli? Med Haukeliområdet som basepunkt får du tilgang til mange av Sør-Noregs flottaste turistattraksjonar. Her får du både natur og kultur i nærområdet, samt tilgang til mykje meir dersom ein legg ut på ei dagsutflukt.
Naturopplevingar
Haukeli og Vågslid ligg ved foten av Hardangervidda, Nord Europas største høgfjellsplatå! Her finn du unik høgfjellsnatur og mange fine turar som er godt merka. Haukeliseter Fjellstue er eit godt utgangspunkt for desse turane. Kanskje freistar det med eit fjellbad i Ståvatn etter turen?

Vasseventyret er ein interaktiv tursti for store og små. Her kan du fylgje vassdropen, Sildre, der han prøvar å løyse mysteriet om kven som forureinar vatnet på fjellet.
Lenger ned i bygda finn ein òg fine moglegheiter for fotturar og bading. Både i Haukeli, Edland og Grungedal finn ein turar for heile familien. Det kan vere ein god idè å stoppe innom Haukeli Bue, som er turistinformasjonen vår, for tips til turar. Her kan du òg kjøpe deg ein is eller nysteikt svele.

Aktivitetar
Ein populær sommaraktivitet er «Hund på hjul» saman med Haukeli Husky! Her kan du køyre hundespann sjølv på sommaren saman med glade og kosete huskiar.

Velemoen camping er ein populær stad for fiskeentusiastar. I sesongen er det særs godt fiske i Kjelaåi som renn forbi campingen. Fiskekort får du kjøpt på inatur eller på campingen (meir info om fiske i området finn du HER). På Velemoen kan du òg leige kano og padle nedover rolige Tveitevatnet.

På Haukeliseter Fjellstue arrangerar dei m.a. kurs, fellesturar og datinghelger heile året. Oversikt over dette og andre arrangement i området finn du i vår aktivitetskalender.
Kultur
I krysset i Haukeligrend finn du ein innhaldsrik butikk som heiter Husflidsbue. Her har dei utruleg mykje lokalt handverk frå mange lokale handverkarar. Heile butikken er som ei salgsutstilling der ein kan sjå og kjøpe noko for einkvar smak!

I Arabygdi kan ein besøke Myllarheimen der den kjende spelemannen, Myllarguten (Torgeir Augundson), budde ein del av livet sitt.

Dersom du køyrer austover, kjem du til Mjonøy. Ein koseleg stad som byr på overnatting i gamle stabbur og støylsbuer, steinomnsbaka brød, heimelaga bollar, middagsmat, kunstutstilling og mykje meir. Heile Mjonøy er ei kulturoppleving i seg sjølv! Herifrå er det òg fine stiar ein kan gå på, t.d. denne turen langs Klevastøylåi.
Kvifor Haukeli som base?
Kanskje hadde du sett deg ut fleire turar og serverdigheiter i sommar? Haukeli ligg sentralt for å oppleve mykje av sør-Noreg! Mange synes det er godt å ha ei base ein kan kome tilbake til kvar kveld, slik at ein slepp styret med utvask og pakking, fram og tilbake. Her er nokon opplevingar me kan anbefale som ein fint kan ta som dagsturar frå Haukeli:

Plassen Rui, ei fin dagsutflukt frå Haukeli.

Overnatting
I Haukeliområdet finn du alt frå tradsjonelle, enkle hytter på fjellet til hotell med restaurant. Du kan lese meir om dei ulike overnattingsstadene våre HER.

Me ynskjer alle velkommen til sommarfeire 2021 i Haukeli!

Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

stolpejakt 2022

Stolpejakt i Vinje 2022

Vinje kommune har også i år, saman med Vinje IL, IL Dyre Vaa, IL Rein, Rauland Skisenter, Raulandsfjell og personar i Øyfjell sett ut 71 stolpar i

Les meir
Haukeliseter E-134 sommer

Vegarbeid over Haukelifjell 2022

Det blir også i sommar vegarbeid og kolonnekøyring over Haukelifjell rundt Vågslidtunnellen og Haukelitunnellen over Dyrskar. Oppstart er 15.juni. Inga nattestenging Det blir trafikkavvikling med

Les meir

17. mai feiring på Haukeliseter

Tradisjonen tro markerer vi nasjonaldagen med flaggheising, nasjonalsang, tog og en velsmakende 17. mai-meny. Kombiner feiring av nasjonaldagen og sesongavslutning med en langhelg på fjellet

Les meir
nn_NO