Mjonøy Bakeri

Eit besøk på Mjonøy bakeri er ei oppleving i seg sjølv. Tre inn i det vesle, lafta bakeriet og kjenn dufta av nybaka kanelbollar og anna gjærbakst.

Bakeriet

Mjonøy er viden kjent for dei gode bollane sine - kanelbollar, skulebollar, bollar med bringebærfyll og mandelstjerner, for å nemne noko! I tillegg bakar dei ulike sortar brød, mange av desse i steinomnen i bakeriet.

Matservering på tunet

Om sommaren kan du òg bestille deg middag eller påsmurt som du kan nyte i friluft eller i den stemningsfulle Alvstoga på tunet.

Overnatting

I tillegg kan du overnatte i ei av dei sjarmerande hyttene på tunet eller på campingen ved elva.
Les meir om overnattingsmoglegheitene på Mjonøy HER.

Velkomen til Mjonøy Bakeri!

Åpningstider

Bakeriet er ope kvar dag frå kl. 09 til utseld.
Lunsj- og middagsservering om sommaren frå kl. 10-17

Kontaktinformasjon

Vinjevegen 1704, 3890 Vinje
91148580