Haukeli næringslag header

Kvifor medlemsskap i Haukeli Næringslag?

Facebook
Twitter
Email
Print

Bli med i fellesskapet for utvikling i bygda!

Medlemsbedriftene i Haukeli næringslag bidreg stort til utvikling i bygda til glede for dei besøkande og dei som bur her. Utan økonomisk bidrag frå bedriftene, hadde me ikkje fått midlar frå kommunen til å drive destinasjonsleiing, samt å få til mykje av det me får til i dag av for eksempel forskjønning og arrangement.

Kva får eg som bedrift att av mitt medlemsskap?

  • Oppføring på nettstaden www.visithaukeli.no.
    Mange bedrifter har dette som si hovudnettside. Her kan ein også legge til eige domene.
    Dersom ein ynskjer ei enkel nettside er dette ei billig og enkel løysing mot å gjere det sjølv!
  • Hjelp til tekstredigering.
  • Rabatterte prisar på fotografering av bedrifta til bruk digitalt, til marknadsføring, brosjyrer, sosiale medie, osv.
  • Hjelp og rågjeving til marknadsføring, kampanjer og sosiale medie.
  • Utlån av næringslaget sine ljoskastarar/teaterljos til arrangement og anna.
  • Bedriftsnettverk/arbeidsgrupper for å gjennomføre ønska prosjekt. Større gjennomslagskraft når me står saman!
  • Rabatt på annonsering i Haukelimagasinet.
  • Hjelp til digitale trykksaker (kampanjer, annonser, plakater, o.l.)
  • Tilbod om å vere med på oppsette kurs i brann og fyrstehjelp saman med andre bedrifter.

Kva anna gjer næringslaget?

  • Næringslaget eig og driftar Visit Haukeli og deltek aktivt inn i destinasjonsarbeidet. Laget var mellom ana med og skreiv den nye reiselivstrategien til Vinje kommune.
  • Destinasjonskoordinatoren sit i destinasjonsleiinga i kommunen på vegne av Haukeliområdet.
  • Visit Haukeli står for innhaldsproduksjon, dift av nettsideportal og marknadsføring av Haukeliområdet som reiselivsdestinasjon.
  • Syter for koordinering og samarbeid mellom bedrifter, lokalbefolking og frivillige organisasjonar.

    Dei nye blomsterkassene i Vågsli, Haukeli, Edland, Grungedal og Arabygdi er eit resultat av dette. Dei er lokalt produsert av Haukeli Hytter og Hus, kasser og blomar blir delvis finansiert av Bygdefondet og næringslaget, dei blir køyrd inn og ut av ulike bedrifter på omgang og Sanitetslaget hjelper til med å tøme dei for blomar på hausten.

    I tillegg gjev me 9. klasse tilbod om jobb med å henge opp påskepynt i bygda og plukke søppel før 17. mai mot at dei får eit bidrag til klassetur.

    Me er avhengige av samarbeid på tvers for å få til ting på små plassar. Her har næringslaget moglegheit til å koordinere og sette i gong slike prosessar.

  • Syter for naudsynte oppdateringar, bestilling og distribusjon av nappekart over Vinje til aktuelle bedrifter i området om sommaren.
  • Jobbar politisk med bustad- og næringstomter i bygda.
  • Sentrumsforskjønning og attraktivitet som stoppestad med nye skilt, påskepynt og julepynt.
  • Møter og sosiale samankomstar, som grillkveld eller julebord, for bedrifter som ein arena for idèutveksling og samarbeid.
  • Næringslaget bidreg økonomisk til ulike formål som t.d. vedlikehald av Vasseventyret, sponsormidlar til Haukelirennet og Haukeli Bakkedrag, graut til jolemarknaden, midlar til Vågsli løypelag og Haukelimagasinet.
  • Vinterferiearrangement og Barnas fiskefestival – begge desse er òg i samarbeid med andre bedrifter og andre organisasjonar.

Kva kostar det?

Medlemar av Haukeli Næringslag betalar ein kontigent som gjer at me klarar å dekke vår eigenandel (300 000,-) for å få midlar frå Vinje kommune til arbeidet me gjer. Medlemsbedriftene har saman kome fram til ein modell som dei meiner fungerar bra og er rettferdig. Modellen er tredela – ein betalar meir inn dersom ein er direkte involvert i turisme, litt mindre om ein er delvis involvert i turisme, eller minstesats dersom ein er lite invovert i turisme eller dens ringverknader.

Medlemskontigent: 500,-
Fast minstebidrag: 5000,-
Promille av omsetning – gradert 0.6, 0,9 eller 1,2.

Eksempelvis, ei bedrift som omset for 5 millionar, og som hamnar i det mellomste sjiktet (0.9) vil betale: 500,- + 5000,- + 4500,- = 10 000,- kr. per år i medlemskontigent.

Kva får eg att for det? Start på toppen av sida og les nedover. Kort fortald: som medlem i Haukeli næringslag får du att masse for medlemskontigenten din – og kanskje viktigast av alt, så er du med i eit fellesskap som saman bidreg til ei levande bygd og ein attraktiv reiselivsdestinasjon!


Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

nn_NO