Kjære alle saman!

Facebook
Twitter
Email
Print

Som de veit, er det unntakstilstandar i landet om dagen. Me går alle igjennom eit scenario me ikkje har sett makan til i vår tid.

Nye lovar, reglar og vedtak har blitt fatta på rekordtid, og det er ikkje alltid så godt å henge med i svingane! Mange har blitt råka av koronasjukdommen – direkte, indirekte, helsemessig eller økonomisk.
Lokale politikerar og helsevesen prøvar så godt dei kan å sørge for at når utbrotet kjem vil mengda av sjuke folk vere handterbar – både for små og store samfunn.

Mars og april er høgsesong for vinterturisme, og ei tid alle dei lokale ser fram til kvart år. Det gler oss å sjå eit yrande liv i bygda, såvel som på fjellet.

Vanlegvis om vinteren treff me på hyttefolk/deltidsbebuerar på fjellski og topptur rundt om i fjella her. Det er imponerande kor mykje kjennskap de har til Haukelifjell og omegn. Det vitnar om ei genuin interesse og kjærleik for området me alle likar så godt å ferdas i.

Det har vore mykje debattering i media mellom politikarar, organisasjonar og privatpersonar. Me vil berre få sagt at tilbakemeldingane me har fått gjennom Visit Haukeli har vore utelukkande skjønsame og positive. Mange av dei me høyrer ifrå er menneske som er her oppe mykje heile året. Tenk at det er dei som kanskje saknar hytta si mest som me ikkje høyrer noko vondt  i ifrå! Den sympatien for dei lokale og næringslivet her som har møtt oss frå deltidsbebuerane våre, varmar om hjartet.

Me håpar, som alle andre, at denne pandemien ber over så fort som råd, at færrast mogleg vert alvorleg sjuke og at alt er tilbake til normalen så fort det lar seg gjere. I mellomtida vil me høyre på råd frå fagfolk og politikerar – hugs; dei vil vårt beste!

Til slutt vil me få sagt at me saknar dei blide (og til tider litt solbrende ;)) ansikta dykkar på matbutikken, i solveggen, i skibakken og langt inn på vidda. Haukeli er ikkje det same utan dykk!

Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

Plakat bygdekino

Kino på Fjellvang

Èin fredag kvar månad kjem Bygdekinoen til gamle Fjellvang på Edland. Det blir visa ein barnefilm kl. 18 og ein film for dei litt eldre kl. 20.

Les meir
Tidlig på toppen av pomaheisen

Vi søker folk til vinteren!

Vil du jobbe på Haukelifjell Skisenter i vinter?   Vi søker etter arbeidsglade ansatte for vinteren 23/24 fra desember til april til følgende stillinger;   Heisfører, heltid/deltid 

Les meir
nn_NO