jul på haukeliseter

Jul og nyttår 2024 i Haukeliområdet

Velkomen til ei innhaldsrik julehøgtid for store og små i Haukeliområdet.

Veslejuleftan

På Haukeliseter Fjellstue fyrar dei opp badstoga kl. 16:00.
For dei små er det duka for julefilm kl. 16:00.
Kl. 19:30 kan du sjå «Kvelden før kvelden» på NRK på storskjerm i lag med dei andre på fjellstoga.

Juleftan

På Haukeliseter Fjellstue er Villmarksspaet i gong frå kl. 12:00. Her kan ein kose seg i stampen eller i badstoga.
Kl. 14:00 er det klart for julegraut med mandel (gratis for overnattande).
Kl. 16:00 kan du bli med på eit stemningsfullt fakkeltog med enten fakkel eller lommelykt/hovudlykt.

Kl 16:00 kan du òg vere med på julegudsteneste i Vinje kyrkje.

(artikkelen held fram under bileta)

Romjul

25. desember kl. 11:00 – Gudsteneste i Vinje kyrkje.

25. desember – foredrag og quiz for alle med Alexander Gamme på Haukeliseter Fjellstoge. Tidspunkt ca. kl 18:00 (noko usikkert tidspunkt, ta gjerne kontakt med Haukeliseter når det nærmar seg om du kan tenke deg å vere med.)
Påmelding seinast èin dag i forvegen.

26. desember kl 11:00 – Gudsteneste i Grunge kyrkje.

26.-30. desember startar Instruktørkurs, alpint på Haukeliseter Fjellstue. Dette er eit kurs som også passar bra for ungdom som ynskjer å bli skiinstruktør eller auke eigne ferdigheiter på ski!

27. desember kl. 19:00 er det ope (romjols)mikrofon på Vinjar. Arrangørane er ikkje kresne på kva type underhalding du kjem med, så her er det moglegheit for alle og einkvar med sjølvrealisering før året er omme!
Vinje Bryggeri og Uliveti står for mat & drikke.

28. desember kjem Årstein Tislevoll og skapar god stemning på afterski i Haukelifjell skisenter. Me elskar ein god trubadur på afterski!

28.desember kl. 10:00 er det skileik på alpint med Plogen skiklubb. Perfekt for barn i 5-7 års-alderen!

29. desember kl. 14:00 kan familien ha det moro på show i skisenteret med Erik Mogeno. Arrangementet er ute i Vennebakken dersom veret spelar på lag.

29. desember kl. 20:00 er det duka for den årlege og svært populære Julequizen i Fjellpuben i skisenteret. I tillegg kjem DJ Røher og sørgar for ein god fest utover kvelden!

30. desember frå kl. 17:00 kan du bli med på ei napoletansk matoppleving med Uliveti sin pop-up pizzeria i skisenteret.

(artikkelen held fram under bileta)

Nyttårseftan

  • Telenorkarusell Alpint kl 10:00 i Haukelifjell skisenter.
  • Fakkeltog i skibakken kl 15:30. Oppmøte ved Grasdalheisen.
  • Villmarksspa på Haukeliseter, stamp og badstoge, frå kl. 14:00
  • Firerettars nyttårsmiddag på Haukeliseter
    Fyrste bordsetting kl 17:30*
    Andre bordsetting kl. 20:30*
    (*Må bestillast på førehand!)
  • Felles fyrverkeri på fjellstoga ved midnatt.

Nyeste artikler

nn_NO