mor og barn på tur

Tur til Hermodshola

Facebook
Twitter
Email
Print

Turen til Hermodshola er relativt lettgått og er ein fin tur om du har litt større barn, eller barn i beremeis.

Parkering

Om du kjem austfrå på E-134, tar du av hovudvegen rett før Vågslidtunnellen – over «gamlevegen» som går over tunnellen. Du finn parkering ca. 150 m forbi eit hus som heiter Prestegård. Fjellet der Hermodshola ligg, er nordvest for parkeringa.

Hermodshola vågslid

Turen

Turen er ca. 3.5 km tur/retur. Det tar ca. to timar og har ei stigning på ca. 250 m. Turen går fram og tilbake via same rute. Lenke til kart finn du HER.

Start på stien til venstre (vest) for bekken ved parkeringa. Følg denne oppover til du kjem inn på ein traktorveg. Du skal ta til høgre på traktorvegen. Etter nokre hundre meter kjem du til ein bekk, her tar du stien til venstre for bekken. som går nordover. Følge denne stien eit stykke innover, så vil etterkvart sjå ein sti på venstre hand som går opp og så langs med ryggen på fjellet mot Hermodshola. Inngangen er merka med ein liten varde litt på sørsida nedafor fjelltoppen.

Inngangen til hola er liten, men hola er stor når du kjem inn. Den beste måten å krabbe inn i hola er å legge seg på magen og ake seg med beina først (ein liten halvmeter inn). Sjølve holet er berre 60×60 cm, men som sagt er hola stor inne. Der kan du stå oppreist.

Hugs lykt!

God tur!

Inngang Hermodshold
Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

Hytteservice

Haukeli hytter og hus utfører mange forskjellige tjenester, i tillegg til nybygg. Blant annet torvtak, snørydding, snekring, maling/ beising, tilsyn og andre vedlikeholdstjenester som våre

Les meir
Haukelifjell

Sesongens første snø!

18. oktober 2022 la dei ut på sesongens første fjellskitur på Haukelifjell! Det har snøa ein god del over Haukelifjell dei siste dagane, og no

Les meir
nn_NO