Her er vår nye maskot – Kva skal eg heite?

Destinasjonselskapa (Rauland Turist, Visit Haukeli og Visit Vinje) i Vinje Kommune har utvikla vår nye maskot. Maskoten er sjølvsagt ein geitekilling og vil vera ein figur som ein vil møte rundt om kring i kommunen på ulike arrangement og events i tida framover.

Om vinteren kan du møte geitekillingen i fleire av skibakkane våre, og på sommaren likar den seg godt i fjella ute på tur.

Me gler oss veldig til geitekillingen kjem til Vinje, men før den tid så treng hjelp til å bestemme kva geitekillingen skal heite.

Me har satt nokre kriteria som me ynskjer skal bli teke omsyn til i prosessen:

  • Det bør vere eit kort namn. Helst ikkje meir en fem (5) bokstavar.
  • Det er fint at namnet passar å uttalast på fleire språk.
  • Prøv å unngå bruk av bokstavane Æ,Ø,Å

Bruk fantasien, me gler oss til å sjå alle namneforslaga!

Send innspel til info@visitrauland.com innan 7. september 2025.

Satsinga på ein felles maskot til dei tre destinasjonane er i tråd med den nye reiselivsstrategi knytt til tema 6 marknadsføring, kommunikasjon og internasjonalisering.

Nyeste artikler

After Please  28. Februar

After Please arrangeres den siste lørdagen i hver måned, og og er en sosial møteplass for alle som besøker Vågslid Skisenter. Dette er arrangementet hvor du

Les meir

Book Vinterferien hos oss!

Gjør vinterferien enkel og minnerik – book en leilighet på Haukelifjell Skisenter! Vi er kjent som en av de mest familie vennlige skidestinasjoner i hele

Les meir