20190913_133645

Heider og ære til dyr og bonde på Haukabø

Facebook
Twitter
Email
Print

PREMIERINGAR FOR KVÆKA OG OLAVA

5530 Kvæka og kalven 1970 Olava fekk 1. premie for kun m/ kalv, samt at dei blei BIR (Best i Rase). I tillegg fekk dei 4. premie i Interbreed (på tvers av alle raser).Bonden sjølv, Inger Elisabeth, tykkjer òg Kvæka gjorde ein god figur i Dagsrevyen på fredag.
Sjølv om ho tykkjer det er veldig moro med så gode prestasjonar seier ho at «det er viktigast for meg at dyra oppfører seg fint og framstår rolege og stabile når dei er på Dyrskun. Det er ikkje sjølvsagt når ein er tatt ut rett frå fjellbeite, får to dagar heime, og deretter ned i det folkehavet.»
Med så mykje stell og tilsyn som kyrne på Haukabø har, så tvilar ikkje underteikna på at dei oppfører seg fint når det gjeld!

UTMERKINGAR

I tillegg til at dyra fekk premieringar, så fekk òg bonden sjølv utmerkingar som heng høgt. Ho fortel; «eg fekk diplom og har Lindeqvist`s sylvkanne i 3 år (vandrepokal), samt fin blomsterbukett, for «fortjæneste av Kvægavlens fremme i Bratsberg Amt». For særs godt arbeid med miljømessig riktig og lønsam kjøtproduksjon av storfe i Telemark.  Dette var for mitt arbeid i Tyr sentralt, som leiar og i styret til Norsk Aberdeen Angus Forening, som leiar og i styret til Norsk Highland Cattle Forening, i oppstart og i styret til Tyr Telemark og ikkje minst oppstart av kjøttfeutstillinga på Dyrskun.Denne diplomen sette eg veldig pris på, då eg i alle år som kjøtfebonde har arbeidd for å synleggjera viktigheten av beitande kjøttfe. Prisen var veldig uventa.»I tillegg fekk ho òg Tyr-prisen, for den med mest bruk av semin i rasen Highland Cattle.

Me er stolte av å ha flinke bønder i bygda vår, og tykkjer det er ekstra stas når dei får utmerkingar slik at dei veit at den gode jobben dei gjer vert lagt merke til. Me i Visit Haukeli gratulerar så mykje!

Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

stolpejakt 2022

Stolpejakt i Vinje 2022

Vinje kommune har også i år, saman med Vinje IL, IL Dyre Vaa, IL Rein, Rauland Skisenter, Raulandsfjell og personar i Øyfjell sett ut 71 stolpar i

Les meir
Haukeliseter E-134 sommer

Vegarbeid over Haukelifjell 2022

Det blir også i sommar vegarbeid og kolonnekøyring over Haukelifjell rundt Vågslidtunnellen og Haukelitunnellen over Dyrskar. Oppstart er 15.juni. Inga nattestenging Det blir trafikkavvikling med

Les meir

17. mai feiring på Haukeliseter

Tradisjonen tro markerer vi nasjonaldagen med flaggheising, nasjonalsang, tog og en velsmakende 17. mai-meny. Kombiner feiring av nasjonaldagen og sesongavslutning med en langhelg på fjellet

Les meir
nn_NO