Haustferie på Haukelifjell

Hausten er ei fantastisk tid for avkobling i fjellet. Her kan du lese litt om kva som skjer i Haukeliområdet i haustferien.

Haukelifjell skisenter

I skisenteret kan du bli med på Bruses barnerebus torsdag, fredag og laurdag. Rebusen startar ved den nye leikeplassen ved Tyrvelitjønn. Lever svarkort i Fjellpuben frå kl. 12-16. Der er det også opent for enkel servering. Puben er nyrenovert og me ynskjer velkomen innom for ein kikk!

I tillegg har det kome ei ny badstove i skisenteret. Bookinginformasjon kjem etterkvart!

Haukeliseter Fjellstue

Raude eplekinn, fargerikt landskap, skarp luft og knasande underlag. Finn fram ullgenseren, pakk sekken og gjer deg klar for å oppleve høgfjellet i sin finaste drakt! Velkomen til Haukeliseter fjellstue for ei uforgløymeleg haustferie 1000 meter over havet! Og som ein ekstra bonus: I haustferien bur barn i grunnskolealder gratis hjå oss.

Barn bur gratis på Haukeliseter i haustferien!
I veke 40 og 41 kan barn i grunnskulealder (til og med 15 år) bu gratis på Haukeliseter fjellstue når dei deler rom med ein vaksen. Dette tilbodet gjeld vekedagar frå søndag til fredag og må bookast på e-post til haukeliseter@dnt.no.

Haust

Følgande prisar gjeld for vaksne:

Fjellrom
Pris for 1 vaksen inkludert frukost: 1515/1715 kroner (DNT-medlem/ikkje medlem) per døgn
Pris for 1 ekstra vaksen på same rom: 325/525 kroner (DNT-medlem/ikkje medlem) per døgn

Sjølvstellsrom
Pris per vaksen: 570/770 kroner (DNT-medlem/ikkje medlem) per døgn

Stabbursrom
Pris per vaksen: 340/520 kroner (DNT-medlem/ikkje medlem) per døgn

Frukost og niste
Frukost: 207/230 kroner (DNT-medlem/ikkje medlem)
Niste og termospåfyll: 135/150 kroner (DNT-medlem/ikkje medlem)

* Barn mellom 4 og 12 år får 50 % på faste måltid

Når du sender ei bestilling, ver venleg å ta med følgande informasjon:

  • Dato for ankomst og avreise
  • Tal på personar i reisefølgjet, alder på barn og eventuelt DNT-medlemskap
  • Namn, telefonnummer og e-post til kontaktperson i reisefølgjet
  • Ønskt romstandard
  • Om de ønskjer frukost, niste og/eller trerettars middag

Bålkos i lavvoen
På tunet, utanfor hovudbygget, har vi ein lavvo der det er mogleg å tenne bål. Her kan du få att varmen etter tur, grille pinnebrød eller pølser, koke kaffi eller berre kose deg i godt selskap.

Prøv fiskelukka
Å dra på fisketur kan vere både spennande og avslappande. Det er mange gode fiskemoglegheiter i området rundt Haukeliseter, og sjansen for å dra opp ein fjellaure er framleis stor i haustferien. Les meir om fiskemoglegheiter og fiskekort.

Reis på padletur
Ein tur på vatnet i kajakk, kano eller robåt er eit utmerkt alternativ til fotturen. Frå vatnet kjem du tett på naturopplevingar med store elver, nydelege dalføre og bratte fjellsider som står i stor kontrast til det krystallklare vatnet. Hjå oss kan du leige kajakkar tilpassa både born, vaksne og familiar, i tillegg til kanoar og robåtar.

Besøk Hermodshola
Hermodshola er ei hòle som strekkjer seg 10–20 meter inn i fjellet. Hòla er ei spennande oppleving for både store og små. Ho er lett tilgjengeleg med utgangspunkt frå Haukeliseter, og ligg i fjellet ovanfor Vågslidtunnelen, omtrent 5 kilometer frå fjellstova. Turen opp til hòla går på god sti og delvis steinur, og er omtrent 2 kilometer lang. Inngangen til hòla er markert med ei varde. Hugs hovudlykt!

Badstove og badestamp
På Haukeliseter finn du ei utandørs badstove og badestamp med panoramautsikt over den mektige naturen. I haustferien er det mogleg å bruke badstova kvar dag. Badestampen blir fyrt opp onsdag og laurdag i begge haustferieveker.

Nyeste artikler