A lake during sunset

#Haukelitopp10 – 2024!

Facebook
Twitter
Email
Print

Sommarens sprekaste konkurranse!

Er du klar for sommarens sprekaste utfordring? «Haukeli Topp 10» er tilbake, og me inviterar deg til å oppleve ti fantastiske fjellturar i områda rundt Haukeliseter Fjellstue!

Haukeliseter E-134 sommer

Snoen smeltar og turstiane kjem fram. På Haukeliseter Fjellstue gler me oss til sommaren og alle dei fine fotturane som ventar!

Bli med på Haukeli Topp 10! Anten om du går berre på èin, eller alle ti toppane, så er du med i trekkinga av fine premiar. For å bli med i konkurransen må du poste eit bilete på Instagram (gjerne ein selfie!) frå toppen, og bruke hashtaggen #haukelitopp10. Hugs at du må ha open profil for at me skal sjå bileta dine. Dersom du har lukka profil, eller ikkje har Instagram, kan du sende bilete og namn på turen til marked@haukeliseter.no

Kokurransen startar 1. juni og varar i tre månader. Vinnarane annonseras 30. september. (OBS! Ver merksam på at nokre av turane bør tas inna 10. august grunna reinsdyrjakta – spør på Haukeliseter dersom du er usikker på kva turar dette gjeld).

Sommarens sprekaste konkurranse

Kva topp du er på gjev eitt lodd i trekkinga. Dess fleire toppar du går på, gjev naturlegvis betre vinnarsjansar.

  • 1. premie: Overnatting på fjellrom, èi natt, inkludert frukost og trerettars middag for to personar.
  • 2. premie: Trerettars middag for to personar.
  • 3. premie: «Chilly»-flaske med Haukeliseter sin eigen logo!

Premie til alle som har vore på alle ti toppane

Alle som bestig alle dei ti toppane inna 30. september, vert premiera med Haukeliseter sin eingen, fine turkopp!

View over mountains in Haukeli, Norway

Dei ti toppane

Turane varierar i lengde og vanskegrad. Alle toppane er godt merkt med vardar, men fleire av turene går gjennom umerkt fjellterreng (ta med kart og kompass).

  1. Vesle Nup – Ein klassikar på merka sti! Toppen byr på spektakulær utsikt i alle retningar. Turen tar omtrent 4-5 timar tur/retur.
  2. Kista – Merka rundtur langs Ståvatn til toppen, som ligger på sørsida av vatnet. Turen tar mellom 3 og 4 timar tur/retur.
  3. Kjelatind – Relativt lett tilgjengeleg tur til ein einsam og majestetisk topp sør for Kjelavatn. Turen tar omtrent 7 timar tur/retur.
  4. Nupsredet – Følg merka sommersti mot Middalsbu til eit vakkert utsiktspunkt. Turen tar 3 til 4 timar tur/retur.
  5. Kistenuten – (1648 moh.) Ca 15-16 km, turen tar omtrent 6 timar tur/retur og er ikkje merka. Toppen ligg på grensa mellom Telemark, Vestland og Rogaland fylke.
  6. Vassdalseggi – Topptur til Rogalands høgaste punkt (1658 m.o.h.)! Turen kan gjennomføras som dagstur fra Haukeliseter fjellstue, og er 22 kilometer tur/retur. Du må rekne med å bruke heile dagen, omtrent 9 timar tur/retur.
  7. Verjesteinsnuten – Flott topp, 1661 m.o.h., med eit stort radiotårn på toppen. Turen tar mellom 6 og 7 timar tur/retur.
  8. Sveigen – Krevjande tur i kupert terreng. Turen er ikkje merka. Kan taksast som dagstur fra Haukeliseter fjellstue, og er 20 kilometer tur/retur. Rekn med å bruke heile dagen, omtrent 10 timar tur/retur.
  9. Store Nup – Ein av de høgste toppane på Hardangervidda. Lett synleg med karakteristiske og bratte fjellsider i sør. Turen er ikkje merka, og om lag 21 kilometer tur/retur. Rekn mellom 8 og 9 timer tur/retur.
  10. Nupsegga – Vinje kommune sin høgaste topp! Steinete terreng der småklyving er nødvendig. Går mesteparten på umerka sti. Turen er om lag 17 kilometer tur/retur og er en dagstur, rekn omtrent 9 timer.

GOD TUR!

Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

A lake during sunset

#Haukelitopp10 – 2024!

Sommarens sprekaste konkurranse! Er du klar for sommarens sprekaste utfordring? «Haukeli Topp 10» er tilbake, og me inviterar deg til å oppleve ti fantastiske fjellturar

Les meir
nn_NO