INFO

LUKK

Vær

15°C

Overskyet


SNØ I TERRENG

0 cm

SNØ I LØYPE

0 cm


WEBKAMERA

Webkamera

ÅPNE HEISER

0/6

NEDFARTER

0/13


Data levert av fnugg.no.

Haukelirennet glade deltakakarar

Haukelirennet 13. april 2024

Noregs blidaste turrenn!

Haukelirennet er eit internasjonalt turrenn som blir arrangert av Idrettslaget Rein på Haukelifjell kvart år. Start og mål er i Haukelifjell skisenter, og løypa slyngar seg gjennom majestetisk natur på flotte Hardangervidda. 

Skiglede, rekruttering og mangfald er i fokus, og både eliten, ungdommar, aktive skiløparar, mindre aktive skiløparar, barnefamiliar og turgåarar er på plass når Haukelirennet går av stabelen på vårsida. Me har nemleg ei distanse for alle – både med og utan tidtaking.

Vårsol, norske flagg, kvite vidder og rungande jubel er stikkord som skildrar denne dagen. Velkommen til Noregs blidaste turren på Haukelifjell 13. april 2024. 

Om distansane 

Haukelirennet er 32 km lang og går i fristil. Det blir køyrd klassiskspor for dei som ynskjer det. I same felt som dei aktive startar også mosjonistane som enten kan gå 32 km eller 18 km og ungdomsklassa som går 12 km på tid. Trimmarane kan gå så langt eller kort dei sjølv ynskjer. Vennerennet for dei yngste er gratis og finn stad i Haukelifjell skisenter. 

Meir info: http://haukelirennet.no/klasser-prisar-og-seeding/ 

Påmelding

Påmelding her: https://signup.eqtiming.com/?Event=haukelirennet. Det lønner seg å melde seg på så tidleg som mogleg. Det er likevel mogleg å melde seg på fram til renndagen. 

Meir informasjon om arrangementet finn du på www.haukelirennet.no og ved å fylgje Haukelirennet på Facebook og instagram. 

Nyeste artikler

Vårmarked i Haukelikrysset

Lørdag 31.mai arrangerer Husflidsbue og Haukeli Bue vårmarked i Haukeli-krysset. Det blir mange boder med ulike varer, lokalmat og baklukesalg. JærenToppmat kommer med frukt, grønt,

Les meir
nn_NO