Er du klar for sommarens sprekste konkurranse? Haukeli topp 10 er ei samling av flotte fjellturar til 10 ulike toppar på Haukelifjell og Haukeliseter Fjellstue inviterar til konkurranse. Gå ein, tre eller alle ti toppane og ver med i trekkinga av fine premiar.
Alt du treng å gjere er å poste eit bilete frå toppen, gjerne ein selfie, og laste opp biletet på instagram med hashtaggen #haukelitopp10. Hugs å ha open profil elles vil det ikkje vere mogleg å sjå bileta. Konkurransen varar fram til 30. september (men ver obs på at nokre av turane bør gås før 10. august på grunn av reisjakta).
Premiering
Ein topp tilsvarer eitt lodd. Det vil seie – jo fleire toppar, jo større vinnarsjanse.
1. premie: Overnatting på fjellrom, éi natt inkludert frokost og trerettars middag for to personar
2. premie: Trerettars middag for to personar
3. premie: «Chilly»-flaske med Haukeliseters eigen logo
Alle som går alle 10 toppane innen 30. september vil dessutan bli premiert med Haukeliseters eigen turkopp.
Dei 10 toppane
Dei 10 toppane varierar i lengde og vanskelegheitsgrad. Alle toppene er godt markert med toppvardar, men fleire av turane går i variert fjellterreng på stiar som ikkje er merkte (hugs derfor kart og kompass).
- Vesle Nup – Ein klassikar på merkt sti. Toppen byr på spektakulær utsikt i alle retningar. Turen tek omtrent 5 timar tur/retur.
- Kista – Merkt rundttur langsmed Ståvatn til toppen som ligg på sørsida av vatnet. Turen tek omtrent 3/4 timar tur/retur.
- Kjelatind – Relativt lett tilgjengeleg tur til einsam og majestetisk topp sør for Kjelavatn.
Turen tek omtrent 7 timar tur/retur - Nupsredet – Fylg merkt sommarsti mot Middalsbu til vakkert utsiktspunkt. Turen tek omtrent 3 til 4 timer tur/retur
- Mannevasstoppen – Luftig med minimal omkrins på toppen og utsikt i alle retningar.
Turen tek omtrent 6 timar tur/retur. - Vassdalseggi – Topptur til Rogalands høgste punkt (1658 meter over havet).
Turen tek omtrent 9 timar tur/retur. - Verjesteinsnuten – Flott topp 1661 meter over havet med stort radiotårn på toppen.
Turen tek mellom 5 og 7 timar tur/retur. - Store Nup – Ein av dei høgste toppane på Hardangervidda. Lett synleg med sin svært karakteristiske og bratte fjellside i sør. Turen tek mellom 7 og 9 timar tur/retur.
- Sveigen – Krevjande tur i kupert terreng. Turen er ikkje merkt.
Turen tek mellom 6 og 8 timar tur/retur. - Nupsegga – Vinje kommunes høgste topp. Steinete terreng der småklyving er naudsynt.
Turen tek omtrent 5 timar tur/retur.