Byggmester | Haukeli hytter og hus

Me ferdigstiller hytter og anneks i Vågsli!

Me er det lokale tømrarfirmaet som byggjer hytter, hus, anneks og alle typer bygg som vert etterspurde. Vår spesialkompetanse er laft, men me kan òg byggje i reisverk og i massivtre. Me tilbyr hyttebyggjarar i nærområdet eit kortreist produkt med lokal arbeidskraft. Målet vårt er å gje god service og oppfølging gjennom heile byggeprosessen, og òg i åra etterpå. Kundane våre får òg høve til å sjå hytta bli til i produksjonslokala våre som ligg nede i bygda.
Produksjonen vår og kontoret vårt ligg nede i bygda, Haukeli. Kom gjerne innom oss for ein uforpliktande prat! Me tilbyr òg digitale møte om du ikkje befinn deg i området.
Les meir om kva me tilbyr under biletet.

HYTTER

Me skreddarsyr hytter og andre bygg etter behova til kunden. Me er ekspertar på tre og laft, og stavlaft er kjernekompetansa vår. I tillegg leverar me bygg i massivtre og vanleg reisverk. Ferdigstillingsgrada på prosjektet ditt avgjer du sjølv – me kan levere råbygg, byggjesett eller nøkkelferdig hytte med alle dei andre faga inkludert, som røyrleggjar, elektrikar, mur, graving osv. Me leiar dykk trygt gjennom heile prosessen for å sikre dykk ein trygg og inspirerande byggjeprosess som resulterar i hyttedraumar som går i oppfylling.

HYTTETOMT

Me kan byggje og skreddarsy hytte på tomta di. Dei fleste kundane våre har eigne tomter når dei ringjer oss og søkjer byggjemeister til å sette opp hytta. Me kjenner området godt og veit korleis ver, vind og solforhold er her. Den lange erfaringa vår og kjennskapen til området kan vera nyttig for deg i ein prosess når hytta skal plasserast. Me kjem gjerne for å sjå på tomta og gje tips til plassering, hyttemodell osv. I tillegg har me tilgang til flotte tomter i nærområda og kan gje deg tips om attraktive tomter du kan sjå nærare på.

ANNEKS

Det er mange som vel anneks på hytta dersom det er behov for meir plass. Dette kan vera ein koseleg stad til gjester eller praktisk plass til oppbevaring.
Det finst mange gode løysingar for å nytte kvadratmetarane i eit anneks på best mogleg måte. Ein kombinasjon til ulike føremål lèt seg ofte gjera. Til dømes er det mogleg å få plass til både bod, smørjebod og badstoge på få kvadrat. Det er òg mange som vel å ha overnattingsmoglegheit over ein garasje.

GAPAHUK OG ROBUSTE UTEMØBLAR

Kva med ein gapahuk for å forlenge utesesongen eller som ein hyggeleg møtestad for nabolaget? Me har òg bord og benkar som passar godt i gapahuken eller på terrassa.

RESTAURERING OG HYTTERSERVICE

Dersom bygget ditt treng ei fornying, restaurering eller eit påbygg, har me eit team som kan utføre dette. Me har òg ein målar på laget og tilbyr utvendig beising av hytter, samt innvendig beising og oljing. I nokre tilfelle kan me òg ta på oss nedvask av hytter. Me tek i tillegg på oss utbetring for forsikringsselskap når det er behov for tømrartenester.

Måndag til fredag 08.00 – 17.00

Kontaktinformasjon

HAUKELI HYTTER OG HUS

LITT OM OSS

Haukeli Hytter og Hus er ein av hjørnesteinsbedriftene i Haukeli, og heilt sidan 70-talet har hyttedraumar vorte realiserte i familiebedrifta. Gjennom mange år i bransja har me tileigna oss mykje erfaring og kompetanse som me meir enn gjerne delar med kundane våre. Me tilbyr hyttebyggjarar i nærområdet eit kortreist produkt med god oppfølging gjennom heile byggeprosessen, både med oss og dei andre faga som er involverte. Kundane våre får òg høve til å sjå hytta bli til i produksjonslokala våre, og dette er noko dei aller fleste set pris på og synest er veldig spanande. Målet vårt er at kunden skal få skreddarsy hytta si og kjenne seg trygg gjennom heile byggeprosessen.

Facebook
Twitter
E-post
Print

Byggmester | Haukeli hytter og hus har ikkje nettstad!

Booking via e-post eller telefon.