Haukeli Bue

Gåve- og utstyrsbutikk i Haukeli

Velkomen til Haukeli Bue!

Haukeli Bue er ein spennande liten butikk med mykje forskjellig. Her finn du gåveartiklar, turklede frå Scandinavian Explorer, fiskeutstyr, tur- og vegkart samt anna turutstyr. Me sel geitost frå Skjold Gard og Lega, krydder og oljer frå Fru Timian, eplemost og syltetøy frå Lien Gård i Telemark og sirup frå Ebbas Matgleder.
Kvar dag har me heimelaga, nysteikte sveler og kaffi, så Haukeli Bue er rette staden å ta ein rast.

Trykk på klede, koppar og cap

Hjå oss kan du få ditt eige motiv eller tekst på klede og koppar til utdrikningslag, bursdagar, feiringar og team-arrangement. Me har trykkeri på huset og kan trykkje opp det antalet du ynskjer.

Bli meir synleg

Klede med logo til bedrifta, foreininga, laget eller klubben?
Me kan levere det meste av bekleding til føremålet ditt. Har du tilsette som møter kundar, serverer, butikkbetening osv., er det aktuelt å ha klede med bedriftslogo. Ingen minsteantal. Ta kontakt for katalog og pris.

Besøksadresse
Haukelivegen 5640, 3895 Edland

Haukeli Bue logo

Ope kvar dag 10-18
(inkl. søndagar og heilagdagar)

Kontaktinformasjon

Facebook
Twitter
E-post
Print

Haukeli Bue har ikkje nettstad!

Booking via e-post eller telefon.