
Beitebruk og dyrevelferd i fyrste rekke.
Knut og Elisabeth bur på, og driv garden Haukabø i Haukeli. Haukabø har 47 daa dyrka mark og ca 1500 daa med utmark.
Haukabø har kvar sommar 5–7 beitepatruljer ute på jobb, spreidd rundt i kommunen. Beitepatruljen kan vera mellom 3–50 dyr, som ryddar opp gjengrodde beite og held bygda vår open. Eit populært innslag, f.eks i turistområdet Vågsli og på Nybu, der det er inngjerdt ca 3000 daa høgfjellsbeite 850–1050 m.o.h.
Vår visjon: Haukabø er og skal vera ein aktiv gard med godt dyrehald, positive opplevingar, og med moglegheitar for vidareutvikling.
–
Februar–april: kalvingssesong!
Mai: inseminering, sette opp gjerde
Juni: Beiteslepp! Sette opp meir gjerde
Juni/starten av juli: beite i bygda, sette opp endå meir gjerde
Juli/september: fjellbeite
September/oktober: beite i bygda, ta ned gjerde til fjells
Oktober: Sette inn dyr, drektighets kontrollering, sortering/salg/slakt av dyr, avvenning kalvar, ta ned gjerde, ta ned gjerde, ta ned gjerde…
November–Januar: sosialisering og temming av dyr. Planlegging av neste år.
Norsk Aberdeen Angus
Norsk Highland Cattle Forening
TYR
TYR Telemark
Inn på Tunet, Telemark
Noregs Bonde og Småbrukarlag
Landbrukstenester Telemark