Frå Vanja Steinbru til Linn Sigrid Bratland

Vanja Steinbru er ein designer som lenge har jobba kun med eigne smykker som ho også har produsert sjølv litt slik som eg gjer. No i januar bestemte ho seg for å drive verkstad og heller fokusere på kun å jobbe som designer (og litt standupkomiker 😉 – heilt sant!)

Smykke
Vanja har designa ei rekke smykke basert på kvardagslykke, slik som vaffelhjerter, ringane kaffekoppen set på bordet ditt og mykje meir.
Eg kjenner Vanja godt og har alltid hatt veldig sansen for smykka hennar. Då ho kontakta meg og spurde om eg var interressert i å kjøpe nokon av designa hennar, var eg med ein gong veldig positiv til det. Problemet var at eg ikkje klarte å bestemme meg for kva for eit. Me gjorde difor ein avtale om at eg får lage alle designa hennar, men at ho får ein liten prosent av salget. På den måten får me her på verkstaden gleden av å tilby våre kundar både vaffelsmykker, kafferinger, maur og barnål og ikkje minst Kongla, – NorwegianMade sit merke som garanterer for norskproduserte varer.
Den aller minste kongla greier me no å lage på samme effektive måte som Fjellsmykkene, så denne har me også ein veldig god pris på. Kom gjerne innom å ta ein kikk når «Korona-kloa» har slept taket! I mellomtida kan du ta ein kikk på nettsida vår der alle smykka frå Vanja ligg i ei eiga avdeling under hennar namn.

Nyeste artikler

Vi søker bartendere

Vi søker et par nye hyggelig folk til som kan jobbe i baren, gjerne med litt erfaring eller lyst å lære. Skisenteret holder baren åpent

Les meir
Fyrverkeri Haukelifjell skisenter

Fyrverkeri 2025

Årets fyrverkeri får du kjøpt hos Haukeli Bue og Haukelifjell skisenter Skisenteret sel fyrverkeri 29.-31.12. Haukeli Bue sel fyrverkeri 27.-31.12 frå kl. 10-17.Dei har også

Les meir