Det er mykje som skjer i Haukeliområdet i tida før jul. Kom opp og bli med på alt frå julearrangement og konsertar til skiteknikkurs og sesongopning!
Aktivitetskalender
21. og 29. november kan du vere med å brodere Vinjerevla på Vinjesenteret. Vinjerevla er eit spanande prosjekt som handlar om å fortelje historia om Storegut med nål og tråd.
22. november på kan du få med deg ein heilt utruleg samstemt duo, Aasmund Reistad og Åsmund Nordstoga, på Vinjar. Verkeleg ei musikalsk oppleving!
30. november er det Julemarknad i sentrum, fakkeltog og julegrantenning. Fakkeltoget går frå Haukeligrend, ned til Nordheimstunet der korpset spelar og julegrana blir tent.
(Sjå fleire arrangement under bileta)
4. desember er det planlagt sesongopning i Haukelifjell skisenter! Dette avhenger sjølvsagt av nok snø, men me kryssar fingrane for at ein får ta seg nokre svingar i skibakken denne helga.
6. desember kan du sjå film i Noregs koselegaste kinolokale, Fjellvang. Sjekk Bygdekinoen for å sjå kva filmar som spelas, og for å tinge billettar.
6.-8. desember kan du auke sjansane dine for å finne deg ei nissekone eller ein kavaler dersom du melder deg på Singel på fjellet, på Haukeliseter Fjellstue. Her er det program som inneheld fine turar på fjellski, bålkos og lavvo og nydelig høgfjellsmat. Om du ikkje finn kjærleiken, så får du garantert nye vener!
(OBS! Singel på fjellet er no fullteikna – følg med for nye singelhelger!)
7. desember spelar Haukeli/Edland musikkorps opp til adventskonsert i Festsalen på Edland skule. Det blir åresal til inntekt for korpset, kaffi og kaker. Velkomen!
8. desember kan borna bli med på Joleverkstad på Vinjesenteret. Her blir det høgtlesing, song, mat og kreative aktivitetar frå 12-15.
13.-15. desember kan du vere med på Skiteknikkurs på Haukeliseter Fjellstue. Ynskjer du å få meir ut av skiturane dine? Kanskje synes du det er litt vanskelig å køyre offpiste på skare og gjennomslagsføre? Her kan du få gode tips som aukar skigleda!
(Sjå fleire arrangement under bileta)
20. desember er det duka for eit av årets høgdepunkt i bygda, nemleg Jolekonserten. For andre året på rad vil de få servert ein fin og annleis jolekonsert med mange ulike, lokale artistar og musikarar.
Etter konserten vil det bli ein liten sosial samankomst i form av Jolepub på Fjellvang.
Mat og drikke
Fredagar, laurdagar og sundagar frå 15.nov-22.des., får du kjøpt juletallerken på Haukeliseter Fjellstue. Dei lagar til både ribbetallerken og pinnekjøttallerken, samt eigen juledessert.
VELKOMEN TIL FØRJOLSTID HJÅ OSS!