Villrein2

Vis omsyn til villreinen

No på våren går me inn i kalvingstida for villreinen. Då er det ekstra viktig å vise omsyn til dyra og la dei vere i fred om ein skulle treffe på dei. Her er nokre tips til kva du kan gjere for å forstyrre dyra minst mogleg.

  • Ikkje forstyrr villreinen; vel eit anna område dersom det er kjent at det er villrein i området du hadde tenkt i vitje.
  • Unngå å ferdast i villreinområde under kalvinga i mai; nokre stadar er det ferdselsforbod.
  • Fylg merkte løyper.
  • Ha kontroll på hunden og undersøk lokale reglar for bandtvang.
  • Hald deg i ro om du ser villrein, slik at den kan trekke unna uforstyrra
  • Bruk kikkert og hald avstand.

Meir om villrein på Vinje kommune sine nettsider.

Villrein like ved E134 over Haukelifjell i 2020

Nyeste artikler

Vårmarked i Haukelikrysset

Lørdag 31.mai arrangerer Husflidsbue og Haukeli Bue vårmarked i Haukeli-krysset. Det blir mange boder med ulike varer, lokalmat og baklukesalg. JærenToppmat kommer med frukt, grønt,

Les meir
en_GB