fakkeltog

Velkomen til førjulshelg i Haukeli!

Facebook
Twitter
Email
Print

Fredag 1. desember er starten for ei hyggeleg førjulshelg i Haukeli. Velkomen alle!

Program fredag, 01.12.

KINO på Fjellvang
Kl. 16:30 «THERE’S SOMETHING IN THE BARN» juleskrekkfilm
Kl. 18:15 «DEN FØRSTE JULEN I SKOMAKERGATA»barnefilm
Billettar kjøper du hjå Bygdekinoen.

Kl. 20:00 JULEKONSERT (UTSELD!) med lokale artistar i Festsalen på Edland skule.
Ei variert musikkoppleving med alt frå band til korps, solosong og allsong!

Program laurdag, 02.12.

Kl. 11:00-16:00 JULEMARKNAD I HAUKELIKRYSSET
Haukelibue og Husflidslaget steller i stand tradisjonell julemarknad i krysset. Her kan du mellom anna kjøpe god bakst, grønnsaker, multer, haglette, juletre og sjølvsagt fine julegåver!

Kl. 16:00 FAKKELTOG FRÅ FJELLVANG
Me går i fakkeltog saman opp til julegrantenninga på Nordheimstunet. Fakkel får du utdelt ved Fjellvang.

Kl. 17:00 JULEGRANTENNING PÅ NORDHEIMSTUNET
Korpset spelar, nissen kjem og julegrana tennas.

VEL MØTT!

Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

en_GB