Malin seier det er viktig for ho å vere hyggeleg mot all ho møter i jobben.

Variert arbeidstilbod for unge om sommaren

Facebook
Twitter
Email
Print

Det står ikkje på utvalet av ulike arbeidstilbod når ungdom og unge vaksne skal velge seg sommarjobb i områda rundt Haukeli. Me har møtt nokre av dei som jobbar her i sommar.

Frå skiheis til bakeri

Sondre Rosenkar Garnes har fått jobb i Haukelifjell skisenter i sommar. Eg var her på arbeidsveke tidlegare i år, og det gav meirsmak, seier han. I jobben er det mykje å lære gjennom ulike formar for vedlikehaldsarbeid, mellom anna tykkjer han det er interessant å sjå korleis mekanisma i skiheisane fungerar. På vinteren er han ivrig på ski, så han er ikkje heilt ukjend i skisenteret.
Jake Semons, som er fast tilsett i skisenteret, fortel av det er godt å ha ei hjelpande hand om sommaren. Me er ikkje like mange på jobb her om sommaren som om vinteren, så det er god hjelp å ha ungdom i sommarjobb her. I tillegg er det god rekruttering til vintersesongen òg, held han fram.

Sondre på jobb i Haukelifjell skisenter

Malin Apeland jobbar på Circle K nede i bygda i Haukeli. Ho har jobba her i om lag eitt år, også som ekstrajobb i helger og feriar elles i året. Ho fortel at det er eit godt arbeidsmiljø på stasjonen og at det er fint å tene eigne pengar. Noko av det ho lærer gjennom jobben er å ta ansvar, samt å snakke med framande. Litt språktrening blir det òg. Eg må snakke ein del engelsk på sommaren med turistane, og det er litt uvant, men eg får som regel fram det eg vil sei, ler ho.

Malin seier det er viktig for ho å vere hyggeleg mot all ho møter i jobben.

Vidare reiser me til Haukeli Hytter og Hus der dei har fire ekstra ungdommar i alderen 14-20 år i arbeid i sommar. Èin av desse er ny i år, mens dei andre har jobba her før. Elin Apeland jobbar til dagleg som marknads- og økonomiansvarleg i bedrifta, og ho fortel at ungdommane er ein kjemperessurs for dei. Dei er pliktoppfyllande og ynskjer å gjere sitt beste. Om sommaren er me travle, så dei som har sommarjobb her får vere med på samme type arbeid som dei andre som jobbar her fast. I dag er det mellom anna ein av ungdommane som er med på ein jobb i Fyresdal.
Ungdommane gjer noko positivt med arbeidsmiljøet. Ein ser også at fagarbeidarane våre er stolte av yrket sitt når dei lærer opp dei som er yngre. Det krev litt tilrettelegging med unge i jobb, men ein får veldig mykje meir att, konstanterar Elin.

I laftehallen møter me Kristine Reinsviki og Emil Apeland. Kristine har jobba her tidlegare, men med litt andre arbeidsoppgåver. No er ho med i produksjonen, og det synes ho er spanande. Ein får prøve seg med pussemaskiner og andre små maskiner, og så likar eg at arbeidet er litt fysisk krevjande, seier ho.

Emil Apeland har vakse opp med denne jobben. Han er no 20 år, men har allereie vore her i mange år, og set pris på at jobben er så variert. Alt frå rydding til å hjelpe til i store prosjekt, behandle ulike treverk eller krane rundt på større element. Sjølv om ikkje jobben er så relevant til det han ynskjer å studere vidare, så er det fint å få med seg litt praktisk erfaring herfrå.

Kristine og Emil i laftehallen hjå Haukeli Hytter og Hus

Turen går vidare til XL-BYGG Haukeli der Olav Kvåmme har sin fyrste sommarjobb. Han skal ikkje ha ferie i sommar, men jobbe så mykje som mogleg. Dette var den mest laglege plassen for meg å jobbe i sommar, seier han. Det er moro å lære om ulike typer materiale, skruvar og spiker, samt at me gjer ein del praktiske ting her òg.
Olav likar å jobbe på lageret, men han likar seg godt i bui au. Eg likar å prate med folk som kjem innom, både handverkarar og alle andre. Eg likar å vere triveleg med alle, seier han.

Olav meinte det kunne sjå litt slapt ut med hendane i lommene, men det løyste seg jau rektig så bra slik med armane i kryss!

Det er Guro Kleiv som per i dag har lengst fartstid som sommarhjelp på Mjonøy bakeri. Ho har vore her i seks sommarsesongar, så ho byrjar å bli dreven på å forklare folk kor dei kan finne toalettet. Det er vel det folk spør mest etter, ler ho.
Jobben er variert, både med tanke på arbeidsoppgåver og pågong av folk. Det er ofte litt roligare på morgonen, og så kjem det mykje folk til rundt lunsj og utover ettermiddagen.
Folk synes det er spanande med dei gamle bygningane på tunet, seier ho. Dei kjem innom og spør og vil sjå når me vaskar hytter, men det er berre hyggeleg at dei interesserar seg. Og så er det baksten, då. Dei lurar på mykje forskjellig om bollar og brød!

Guro lurar, som så mange andre, på kvar ho skal gjere av hendene på biletet. Denne gongen gjekk me for den klassiske «bak ryggen». Det fungerte fint.

God sommar!

Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

A lake during sunset

#Haukelitopp10 – 2024!

Sommarens sprekaste konkurranse! Er du klar for sommarens sprekaste utfordring? «Haukeli Topp 10» er tilbake, og me inviterar deg til å oppleve ti fantastiske fjellturar

Les meir
en_GB