stolpejakt 2022

Stolpejakt i Vinje 2022

Facebook
Twitter
Email
Print


Vinje kommune har også i år, saman med Vinje IL, IL Dyre Vaa, IL Rein, Rauland Skisenter, Raulandsfjell og personar i Øyfjell sett ut 71 stolpar i Vinje.
De finn stolpar mellom anna i Åmot, Vågslid, Haukeli/Edland, Rauland og Øyfjell.

Stolpane er synlege på kartet frå 18.06.2022! Du må inn på kartet i app’en for å sjå kvar dei er.

Stolpejakta er eit gratis lågterskel aktivitetstilbod for alle, det er ein familievenleg aktivitet for alle aldrar og nivå.
Oppgåva er å finne dei 1 m høge trestolpane. Kvar stolpe har ein farga topp med nummer, bokstav og ein QR kode. 

Stolpane kan registrerast på 2 måtar:
1. Lag deg ein brukar på www.stolpejakten.no og legg kodane inn på di side.
2. Last ned appen Stolpejakten til mobiltelefonen og skann QR kode som du finn på dei ulike stolpane.

Dei ulike fargane på stolpene gjev info om kor vanskeleg/utfordrande det er å finne stolpane:
– Grøn – Svært lett
– Blå – Lett
– Raud – Middels
– Svart – Vanskeleg  

Bli med på jakta! 


Er du innom 30 stolpar blir du med i trekninga av fem gåvekort på kr. 1000,-
Vinnaren kan sjølv velje kor han/ho vil bruke gåvekortet innanfor Vinje kommune.

Trekning av gåvekort etter 16.10.22

Dei fleste stolpane blir ståande ute til og med 16.10.22.
Nokon blir fjerna tidlegare grunna jakt.
Me må også ta atterhald om siste dato om det kjem sno.

Ha ei god jakt!

Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

Hytteservice

Haukeli hytter og hus utfører mange forskjellige tjenester, i tillegg til nybygg. Blant annet torvtak, snørydding, snekring, maling/ beising, tilsyn og andre vedlikeholdstjenester som våre

Les meir
en_GB