vågslid berge sag

Referat frå innspelsmøte om Bukkeneset

Facebook
Twitter
Email
Print

Referat
Ope informasjonsmøte Tyrvelidhallen 2. mars 2023

Utvikling av Bukkeneset
Grunneigarar, Adaptiv arkitektur, Vinje kommune

Samandrag

Mange ynskjer å koma med innspel til arbeidet med å utvikle Bukkeneset, og det er mange gode idear som kan bidra til å skape utvikling og vekst i området. Dei frammøtte er samde om at det er ønskeleg med eit servicesenter som kan romme ulike aktivitetar gjennom heile året. Det er vektlagt at området blir stramma opp både visuelt og funksjonelt. Det er også fokus på at området skal vera trafikksikkert og ein naturleg stad å stoppe om ein passerer med bil eller stoppar etter ein skitur i det samanhengande løypenettet. Eit servicesenter med ein sjølvbetjent matbutikk som er open døgnet rundt, med moglegheit for lading, take- away, pickup-point eller co-working. Badeplass med brygge og badstove er òg ein gjengangar. Det er stor semje om at avfallshandteringa i området må skjermast, og vera eit brukarvenleg og visuelt anlegg. Grunneigarane ser fram til ei oppstramming av området.

I overkant av 50 frammøtte.
Næringslaget, hytteeigarar, aktuelle aktørar, og andre interessentar blei invitert til møtet. Det blei òg annonsert på sosiale medier. Renovest og løypelaget var også representert.

Innleiingsvis

Svein Tore innleier møtet og ynskjer velkommen. Vidare viser han til historikken av området.
I 2019 byrja arbeidet med reguleringsplanen. Då kom vegvesenet med innspel om ny kryssløysing om det ligg føre planar om at området skal byggast ut ytterlegare. Det er i denne planen teikna inn ny avkøyring til Bukkeneset. Statens vegvesen har også regulert område for kolonneoppstillingsplass, og denne planen går fram til brua. Det er 4 grunneigarar i det gjeldande området, og som har blitt pålagt å bygge dette krysset. Reguleringsplan for Tyrveli blei vedtatt hausten 2022. No er det tid for vidare planlegging og utvikling av området.

Det er teikna inn kulvert i den nye reguleringsplanen. Det ligg ikkje inne som eit rekkefylgjekrav, men det blir sett på som ein fordel å bygge denne no. Slik kan ein betre ivareta trafikksikkerheita. Bukkeneset er avsett til næring i kommunedelplanen og det ynskeleg å utvikle dette området i tråd med denne. Det har vore dialog med kommunen og det vart semje om å halde eit informasjonsmøte. Målet med møtet er å invitere til medverknad og få innspel frå framtidige brukarar av området. Når ny veg og nytt kryss blir etablert er det høve til å utvikle området i ein heilskap. Det planleggast også for ein sti langs vatnet. Det er ønskeleg å få til ei samanhengande turløype, og ein vil i stor grad unngå å legge løypa på isen. Slik kan ein få ei betre, og meir tilgjengeleg løype.

Pål frå Adaptiv arkitektur i Seljord legg fram løysingar og korleis det kan gjerast. Dei er i tidleg skissestadie, og ynskjer innspel før vidare arbeidet med prosjektet. I løpet av møtet får dei betre innblikk i kva framtidige brukarar ynskjer.

Renovest er på utkikk etter areal for å setje ut nye containerar. Det er krav om kjeldesortering og det er trengs store areal. Det er eit stort område å dekke, per i dag er det ca. 700 abonnentar. Dei nye containerane er 4 kubikk (dei som er i dag er 10). Difor må ein truleg ha kring 50 av dei nye for å dekke behovet. Det krev plass å legge til rette for eit funksjonelt område, som ikkje blir kaos i høgtider. Det trengs ca. 2 mål for å få til eit fungerande og godt område for avfallshandtering. Det er ønskeleg å få til eit område på nordsida, dette for å unngå kryssing av E134.

Spørsmål og innspel

Kva er tidsplan? Mål om nytt kryss i løpet av hausten. Blir ikkje ferdigattest på hytter viss ikkje krysset blir oppgradert, så krysset må på plass.

Korleis blir overgang for mjuke trafikantar? Det blir undergang (kulvert), med moglegheit for å køyre løypemaskin i gjennom.

Flytting av kryss? Krysset blir flytt ca. 50 meter lenger aust. Det vil føre til eit meir oversikteleg og breiare kryss. Det vil bli etablert avkøyringfelt mot venstre.

Er det moglegheit for å redusere fartsgrensa? Det har vore forsøk på å redusere fartsgrensa tidlegare, utan hell. Det har også vore forsøkt å fått flytt skilt i samband med kolonneoppstillingsplass slik at krysset blir omfavna av eventuell fartsreduksjon. Viser til Seljestad som døme.

Kva næring ser de for dykk på Bukkeneset? Adaptiv arkitektur v/Pål om utnytting av arealet:
Er i ei tidleg fase og har leika med idear. Om ein tar utgangspunkt i ein energistasjon kan ein i samband med denne ha nærbutikk, kontorhotell, treningsrom, tilbod for ungdom f. eks klubb, og div. aktivitetar som klatring etc.

Kva er tenkt med parkering? Peikar på Hovden som eit godt døme med gode parkeringsmoglegheiter. Det er særs dårleg tilbod i området, og få moglegheiter å gå rett frå hytta. Ynskjer at dette blir ivaretatt: Det er tenkt parkering i samband med stoppeplassen, og snakk om langtransportparkering, og bubilparkering. Dette blir tatt med i vidare planleggingsfase.

Ang. avfallshandtering. Er det mogleg å få til eit nedgravd anlegg? Det er meir visuelt: det har blitt lagt på is av usikre årsaker (økonomi?). Ser på løysingar med å skjerme / sette opp bygg.

Korleis er løypenettet tenkt i samband med kulvert? Anten langs Eivindbuvatn eller bygge seg frå holme til holme.

Korleis føregjeng finansieringa av løypebygging: i reguleringsplanane får dei ei utviklingskontrakt. Grunneigarane tar sum av tomtesalet.

I ei 80-sone kjem avkøyringa brått på. Det er mange element i området, som bilar, bussar, og mjuke trafikantar. Det er viktig at ein kan sjå området, før avkøyringa kjem. Om ikkje er det fort at ein køyrer forbi. Er det moglegheit å lage krysset planfritt? Det er SVV som har gått for denne kryssløysinga og eit planfritt kryss er kostbart.

Korleis blir bussløysning? Det blir lagt til rette for stoppunkt i kryssområdet.

Er det snakk om eit fartsaukningsfelt? Reguleringsplanen er vedtatt. Men det høve til å eventuelt setje av areal til ein høgresving.

Matbutikk. Det er gjort ei marknadsanalyse og ein butikk på Bukkeneset kan omsette for ca. 18-19 mill. Ein kan ikkje ha Meny eller Kiwi. Det må vurderast kva konsept kan ein ha, og det er viktig å samarbeide Spar Haukeli. Det er meir omsetning i helger, og mindre handel i vekedagar.

Positiv setting at fastbuende kan koma å høyre kva som er ynskeleg frå dei som er her delar av året. Fint med ein felles møteplass.

Innspel frå grupper

Dei frammøtte blei sett i grupper, og kvar gruppe presenterte sine forslag i plenum.

Bord 1:
Er godt kjent i området. Om ein tenkjer Bukkeneset og næring er det viktig å skape forutsigbare aktivitetar som gjer til at vi vil bruke det. Ynskjer ein sjølvbetjent matbutikk som er open 24/7, ein sportsbutikk (type outlet, og nettsal), vinmonopol, ladestasjon. Mange jobbar her, og det er ønskeleg å legge til rette for Co-working/kontorsted og ein sosial møteplass. Det er ikkje ynskeleg med truckstopp! Aktivitetsenter = ja. Eit sosialt treffpunkt. Vore på ski? Hyggeleg med bålpanne, gløgg m.m., enkelt å stoppe før du reiser vidare heim. Eit treningsenter (+ padel, klatrevegg) dette fevnar også ungdommen. Ynskjer at bygningsmasse får ein gjennomført arkitektur som høyrer heime her. Gjera det til ein fristande og triveleg stad å stoppe.

Bord 2:
Det bør lagast badeplass med flytebrygger og med moglegheit for utleige av kano og båt.
Toalett og benkar, ein stad å samlast etter skitur. Òg funksjonelt sommarstid. Det er eit must med butikk (mat og sport). Spar og joker: pickup points. Avfallshandtering: vurdere å grave ned, i det minste bør det vera god skjerming for det visuelle, Ladestasjon, sykkelutleige (mange fine stader å sykle), parkering for skituristar/til badeplass. Knyte løypenettet saman med Arbuvatn osv. (Både sommer og vinter). Ynskjer at det bli fint pussa opp. Mykje stein og anleggspreg i området slik det er idag.

Bord 3:
Skiløype: koble saman gamle Raudberg veg og vatn
Positive til kulvert. Heilårs: treningssenter, svømmebasseng, spa, klatrevegg. Zipline, downhill etc. Båtuleige, fint å bruke vatnet. Bukkeneset: daglegvarebutikk, ladestasjon, co-working. Det er fokus på det grønne skifte, og det bør vera gjennomtenkte materialval, oppvarmingssystem (jordvarme, solcellepanel). Viktig at bygget står i stil sidan det er eit flott landskap. Viktig å også fange forbipasserande, og slik få fleire kundar. Ein kafe? Viktig å tenke over kva som er stoppeffekten. Eit servicesenter med vaktmeister som kan serve hyttene. Avfall: viktig at det skjermast slik at dette ikkje er fyrsteinntrykket. Anlegget må sjå fint ut og vera tilrettelagt.

Bord 4:
Avfall: Viktig at det er funksjonelt og visuelt (Drive through). Vil ha tungtrafikken vekk. Noko som ikkje er hensiktsmessig i eit område ein har sjans til å utvikle. Koble området i saman til kolonneplass, slik at det moglegheit for å køyre ned til Bukkeneset om ein står i kolonne. Opparbeide badestrand, med brygge og badstoge. Eit servicesenter med tilrettelegging av sommaraktivitetar som fiske, og utleige av sykkel, kajakk etc. Selge inn plassen heile året med morosame aktivitetar, òg retta mot ungdom. Parkering: eit soleklart element som blir vektlagt, då det er ei stor utfordring. Ønskeleg å få parkering på nordsida av E134 og få til ei heilskapleg planlegging i høve parkering. Kjem med innspel om eit leilighetskompleks på Bukkeneset, med ein kombinasjon av sal og utleige, saman med servicesenter, badstoge, badeplass. Utviklingsmidlar: ein langsiktig plan for korleis ein skal disponere dei. Mange ting i sving, håpar det blir sett i eit større og heilskapleg perspektiv. Å sjå heile destinasjonen, Vågslid, i ein heilskap vil vera fordelaktig. Vatn og kloakk: korleis er kapasiteten? Ynskjer ein plan og ein presentasjon av dette.

Bord 5:
Ynskjer mykje for området, og peikar på aktivitetssenter, t.d. høgt og lågt, sykkelløype, treningssenter, utleigeleilighetar (busette dei som vil jobbe her), minigolf, vaskehall for bil, servicesenter, ladestasjonar, parkering, bubilcamping, badeplass, grillplass, flytande badstoge, hengekøye, glamping, kjøpesenter, matservering, daglegvare.

Bord 6:
Ynskjer brygge med badstogeløysning. Gjerne i samband med natursti. Rundt Bukkeneset, heile Eivindbuvatn. Ein samanhengande tursti. I den samband: sette opp fuglekasser/ overnattingsplasser på pålar ut mot vatn (redusert inngrep), kombinere med sykkelutleige, butikk, kafe, og eit senter som samlar moglegheit for stopp (mat, lade, kaffe, sykle) = god utnytting av området. Søppelsortering: Dersom tenkt som ei samla løysning og erstatning for Arbuvollen bør det tenkast betre samband til Bukkeneset, f.eks ski/sykkel langs med vegen. Planlegge for overbygg på containerar for å skjerme.

Bord 7:
Ein sjølvbetjent nærbutikk, pickup-point, energistasjon, renovasjon (utformast på ein god måte, skjerma og viktig at det ser fint ut), matservering, take-away. Om ein t.d. er i bakken, kan ein renne ned i undergangen og ned til Bukkeneset for å ete. Eller om ein lader bilen, kan ein inn å kjøpe mat. Det er mykje kolonnekøyring, så det er ønskeleg med ein passasje frå kolonneplassen og ned til Bukkeneset. Brygge, kai og badeplass. Ein sportsbutikk med utleige av utstyr (kano, sykkel). Dette er med forbehald om at det er folk, så difor legge til rette for eit kombinert bygg med servicesenter og leilegheiter. Fint å sjå til vatn. Planlegge for god parkering for skituristar. Det er eit sentralt og godt startpunkt for skigåing. Det vil igjen bidra til å tiltrekke seg folk som nyttar seg av serviceanlegget.

Frå teams:
Parkering for folk som vil gå på ski/tur. Ein lade/energistasjon, om det tenkt 50 containerar på nordsida må det tenkjast på utforming og estetikk. Næringsbygg med matbutikk, kanskje kafè og klatrehall/trampolinepark eller ein anna alternativ aktivitet dersom det er dårleg vêr på vinteren. Viktig å ta omsyn til kva deltidsbebuarane ynskjer her og kjem til å bruke. Vollyballbane/badeplass, eit aktivitetstilbod på sommaren/hausten som gjer at folk brukar hyttene heile året. Området i seg sjølv bør vere ein stoppeffekt for forbipasserande, spesielt med tanke på sommartrafikk. Leikeplass. Fine bygg. Gjennomført område med tanke på arkitektur og generell utforming. Viktig å tenke på kva som er realistisk i lengda i forhold til næringsverksemd/vedlikehald/kostnader.

Vegen vidare?

Å regulere området.
Adaptiv arkitektur jobbar med løysingar som er viktige for reguleringsplanen.

Har du innspel og idear?
Veit du om folk som er interessert i å investere? Ta kontakt.

Kontakt rettast mot Svein Tore Kåsa på svein.tore@kreas.no.

Referent
Olaug V. Gardsteig 02.03.2023

Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

Haukelirennet glade deltakakarar

Haukelirennet 13. april 2024

Noregs blidaste turrenn! Haukelirennet er eit internasjonalt turrenn som blir arrangert av Idrettslaget Rein på Haukelifjell kvart år. Start og mål er i Haukelifjell skisenter,

Les meir
en_GB