Overnatting på Haukeli Husky Lodge

600f0dffc33eb666989d23e7_bilde 12-p-1080

About us

Plassen ligg på ein fjellgard like ved vår kennel i eit stille og naturskjønt fjellområde, ca 900 moh. Her kan du nyte stilla og boltre deg i mykje flott natur heile året. Det er mange molegheiter for turar rett utanfor døra.

Som gjest hos oss har du tilgang til badestamp og badstoge. Vi har òg utleige av sykkel, kajakk og båt.

Våre gjester er sjølvsagt velkomne til å besøke vår kennel og helse på hundane våre.

Bed & Breakfast

Haukeli Husky Bed & Breakfast er ope frå 1. juni til 31. august.

Vi byr på ei god natts søvn i gode senger, ein velsmakande, tradisjonell norsk frukost, sett i landlege og naturskjønne omgjevnadar.

Alle romma har felles bad.

Som gjest hos oss, har du tilgang til fleire stuer, eit velutstyrt kjøkken med oppvaskmaskin, to bad, eit ekstra toalett og dusj, vaskemaskin og tørketrommel.

Det er òg ein hage du kan bruke med utemøblar og grill.

Hytter

Vi har tre hytter. Dei ligg ved vår kennel og er godt utstyrt med kjøkken og bad.

Fjelly: Hytta har ein stor, fin terasse og sengeplassar til 6 personar, ein hems, stue/kjøkken og bad. Leigeperiode: heile året.
Tverrfjell: Hytta er det gamle våningshuset på garden. Den har sengplassar til 8 personar, to stuer, kjøkken og bad. Leigeperiode: september – juni
Tjønndalen: Hytta har sengplassar til 5 personar, stue, kjøkken og bad. Leigeperiode: september- juni.
For meir informasjon om aktivitetar hjå Haukeli Husky, sommar som vinter, klikk deg inn her!

Adresse: Arabygdvegen 800, 3864 Rauland
41 51 13 04
post@hundespann.no

Overnatting på Haukeli Husky Lodge

Kontaktinformasjon

Bilete

cof
cof
cof
cof

Kva skjer på Haukeli?

Oversikt

Haukelifjell Bakkedrag

Påmelding er åpnet for begge løp Vinteren er ikke på vår side i år og det lille vi har av snø smelter alt for fort,

Vis omsyn til villreinen

No på våren går me inn i kalvingstida for villreinen. Då er det ekstra viktig å vise omsyn til dyra og la dei vere i

Påska 2025 på Haukelifjell!

Velkomen til påske 2025 med eit fullpakka program!Haukelifjell skisenter er ope kvar dag! På Haukeliseter Fjellstue kan du låne akematter og akebrett og kose deg

en_GB

Overnatting på Haukeli Husky Lodge
har ikkje online-booking

Booking via e-post eller telefon.

Ta kontakt på post@hundespann.no

Vi utfører vedlikehald på nettstaden, for gje deg en enda betre brukaropleving! 

Overnatting kan mangle tekst, bilete og info.