Fjellsommar i Haukeli-området er herleg både for små og store. Her finn du våre beste tips til overnatting, opplevingar, aktivitetar, turar og mat.
Kvar skal du overnatte?
Det er både campingplassar, fjellstoge og hotell i området. Alle stadene ligg tilgjengeleg langs europavegen og alle stadene har sin sjarm.
Både Mjonøy, Velemoen Camping og Flothyl camping ligg idyllisk til langs europavegen. Du finn stadene i frå Smørklepp lengst aust til Edland og Flothyl lengst vest. Her finst hytter av ulik standard, oppstillingsplassar til bil, campingvogn og telt, samt båtutleige og moglegheiter for ein dukkert eller fleire. Dei ulike stadene har ulike bookingløysingar. Besøk heimesidene deira for meir informasjon. Me garanterar camping-trivsel alle stader.
Og apropos Mjonøy – dersom du er forbi der i sommar MÅ du innom bakeriet på vegen. Der finn du nybaka bollar og brød heile sommaren.
Dersom du vil gå for hotell i sommar kan me anbefale Vågslidtun hotell. Eit triveleg hotell ved Vågslidvatn. Her er det også moglegheiter for både robåt og fiske, og for ikkje snakke om middagen – den er nydeleg.
Haukeliseter fjellstoge er eit naturleg utgangspunkt for turar i høgfjellet. Fjellstoga ligg på omtrent 1000 meter over havet og har flotte merka stiar og uttalige toppturar rett utanfor døra. Nyt ein betre middag etter endt tur og legg deg i ei av dei nydelege sengene når kvelden kjem.
Kva kan ein oppleve?
I Haukeliområdet kan du oppleve sommarvarmen i storslått og vakker natur. Ingenting er som å sole seg i lyngen ein solrik og vindstille dag på Haukelifjell og sjå utover fjell og vidde. Kanskje kan det freiste med ein liten dukkert i eitt av mange fjellvatn? Eller å padle kano på Ståvatn?
Kanskje du heller vil ta fram fiskestonga i eitt av dei mange fiskevatna? Men pssssst, hugs å kjøpe fiskekort! Fiskekort får du kjøpt på inatur.no. For Vågslid kan du òg kjøpe fiskekort på ESSO Lindskog Autoservice, Vågslidtun Hotell og Haukelibue.
Det er ingen tvil om at Haukeli kan by på mykje tur- og uteaktivitet. Men det er også lov å nyte ein roleg dag på ein av våre flotte campingplassar. Fleire av dei byr på utleige av robåt. Og dersom det skulle freiste med softis er det berre å ta turen til Esso i Haukeli.
Er du i det meir kulturelle hjørnet anbefaler me deg å ta ein tur til Vinjesenteret. Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistik og gjestene skal få eit innblikk i kva dikting og journalistikk fortel om. I heile sommar er det omvisning både på senteret og i Vinjestoga.
Og når me snakkar om kultur – kanskje ein tur til Myllarheimen eller Urdbøurdi også kan vere artig? Når du fyrst er i Arabygdi anbefalar me deg å ta ein kikk utover vatnet Totak.
Finn fleire aktiviteter på www.visithaukeli.no
Haukeli er òg ein god base for dagsturar til kjende destinasjonar som Gaustatoppen, verdsarva og Vemork på Rjukan eller Telemarkskanalen og kanalbåtane på Dalen.
Turar
Ein naturleg sommaraktivitet i Haukeli-området er tur – enten i skogen eller på høgfjellet. Det kan vere både kort og lang, krevjande og enkel. Det er verkeleg ein tur for alle.
Her kjem nokre tips frå oss:
Hermodshola
Detter er ein familievenleg og artig tur med mål om «Hermodshola». Den segnomsuste hola kan krypas ned i for dei alle tøffaste. Den er smal i inngangen, men romsleg innvendig. Hugs å ta med lykt!
Du kan lese meir om turen her: https://visithaukeli.no/en/hermodshola/
Nupsredet
Dette er ein lettgått og tilgjengleg fottur som passar alle aldrar og nivå. Turen går langs merkt sti innover Nupsdalen, og karakteristiske fjell som Store Nup og Verjesteinsnuten er synlege heile vegen.
Les meir om turen her: https://ut.no/turforslag/118422161
Veslenup
Vesle nup er kanskje den mest populære toppturen på Haukelifjell – sommar som vinter. Terrenget er lettgått og utsikten frå toppen er fantastisk.
Les meir om turen her: https://ut.no/turforslag/116611/vesle-nup
For fleire turforslag – både dagsturar og turar over fleire dagar – anbefalar me å sjekke ut turtips frå Haukeliseter eller DNT.
Mat
Etter ein dag med mykje aktivitet er god mat viktig. På både Haukeliseter og Vågslidtun kan dei freiste med ein variert meny med nydeleg mat. Også på Mjonøy kan du få deg ein matbit på farten eller in nysteikt bolle frå bakeriet.
Og dersom du er over Haukelifjell i sommar anbefalar me deg ein tur innom Nansen bakeri. Ein bolle derifrå smakar om ein har vore på tur eller ei.
God Haukeli-sommar frå oss i Visit Haukeli!