Haukeliseter fjellstue er ein av Noregs beste stader å kite på snø. Rett utanfor fjellstua ligg Ståvatn, med perfekte kitetilhøve og stor plass.
Her kan du kite på dei fleste vindretningar.
Her finst òg eit vakkert turterreng som kan utforskast med kiten, både i form av dagsturar og lengre turar med telt og pulk.
Kvar helg vinteren gjennom, arrangerar Haukeliseter kitekurs. Me tilbyr kurs til dei fleste nivå, anten du er nybyrjar og ynskjer grunnopplæring, eller om du allereie kan kite og vil lære dine første hopp.
Lenke til vinterens kurs finn du her.
Spots
HAUKELISETER (Ø-SØ-S, V-NV)
Enklaste plassen å kite er rett utanfor restaurantvindauget! Godt med plass og variert terreng. Alt frå flat is til lett kupert terreng, bratte fjellsider og skråningar. Nightkite-moglegheiter med spotlights over vatnet. Spør i resepsjonen for å få hjelp med ekstra spotlight.
STÅVATN VEST (NØ-N-NV, SV)
Dersom det bles nordavind, vert det ofte litt ustabilt på Haukeliseter. Då kan du køyre 1-2 km vestover. Når fjellsida på nordsida av vegen flatar ut, stoppar du der du finn parkering. Skli ned på Ståvatn og kos deg! Store, flater og ein del terreng, samt fjellsider å flyge på. Fungerar antaglegvis også betre enn Haukeliseter på SV-vind, då vinden kan passere fritt gjennom Ståvassdalen. Du kan ganske enkelt krysse deg hit frå fjellstua dersom du ikkje har bil eller dersom vegen er stengt.
PEPPARSTEINEN/HAUKELITUNELLEN AUST (TUNNELL-EFFEKT SV-V-NV, FUNGERAR ÒG BRA PÅ NØ-Ø-SØ)
7 km vest for Haukeliseter, med parkering rett utanfor Haukelitunellen.
Skli ned på vatnet nord for vegen og køyr i gang! Kan vere veldig stabil vind, trass ulendt terreng. Ei mogleg forklaring på dette er at vinden pressast litt mellom dalføra. Dette fører òg til at det kan vere meir vind her en andre stader når det bles, spesielt med vestavèr. Spot med flat is og morosame skråningar på begge sider av vatnet. Moglegheit for ganske lange og fine nedkøyringar på sørsida av Verjesteinsnuten.
Dersom det er lite vind, kan du heller få med deg ein topptur på sør aust-sida av Verjesteinsnuten. Gå opp (og køyr ned) renna mellom dei to store klippene på nordsida av vatnet. Gå forbi hytta nord for vatnet, og rett opp bak den. Det er òg moglegheiter for flotte nedkøyringar på samme side som vegen, på Sveigen: Gå opp fjellsida som vender mot NV, omtrent 100m vest for (bak) tunellåpninga.
MIDTLÆGER/HAUKELITUNELLEN VEST (AUSTLEGE VINDAR STERKE, NØ-Ø-SØ-S?-SV?-V)
Vertilhøva på vestsida og austsida av Haukelitunellen kan variere veldig! Det kan vere 5 m/s forskjell på vindstyrke, nokre gonger også så mykje som 10 m/s forskjell! Om det bles austavind, er det som regel meir vind på vestsida av tunellen. Parker rett utanfor tunellen, eller nokre km vest. Skli ned den bratte skråningen sør for vegen. Der finn du lett kupert terreng med mange moglegheiter.
Dersom det ikkje bles, kan du istaden få med deg den nydelege toppturen på sør-aust-sida av Verjesteinsnuten. Gå opp (og køyr ned) renna mellom dei to store klippene på nordsida av vatnet. Gå forbi hytta nord for vatnet, og rett opp bak den. Det er òg moglegheiter for flotte nedkøyringar på same side som vegen, på Sveigen. Gå opp fjellsida som vender mot NV, omtrent 100m vest for (bak) tunellopninga.
SIKKERHEIT OG OMSYN
Om du er ute på eigahand må du sjølv ta ansvar for å melde frå kvar du går, sjekke vèrmeldinga (det skiftar fort!) samt isvarsling for området. Du bør også halde eit lite auge med skredfare i nokre område.
Om vinteren og våren kan det òg vere villrein i området. Reinen frå Setesdal- og Ryfylkeheiane trekk ofte nordover for betre vinterbeite. Dersom du observerar rein eller ferske spor, bør du trekke deg vekk til eit anna område. Spør på fjellstua om observasjonar av rein, eller alternative stader du kan kite dersom det er rein i eit spesifikt område.
Om våren, før og i kalvingstida, er reinen ekstra sårbar. Då trekk han ofte ned frå høgfjellet for å lettare få tilgang på mat når snøen smeltar. Det er ein del av allemannsplikta å vise omsyn til natur og villrein. Trekk deg stille vekk frå dyra, og meld i frå om observasjonar.