Nokre ord frå ordføraren 19.04.20

Facebook
Twitter
Email
Print

STATUS KORONAVIRUS VINJE KOMMUNE SØNDAG 19. APRIL

Status er at ingen personar er stadfesta smitta i Vinje kommune. Den siste som var stadfesta smitta er no friskmeld.

 

12. mars til 20. april
Det kjem mykje yttringar om Vinje kommune, men eg trur ikkje vi har gjort så mykje annleis enn resten av landet. Den 12 . mars hadde vi kommunestyremøte i Vinje. Det blei avslutta med orientering om at alle skular og barnehagar blei stengt. Det skjedde mykje på få dagar. Både nasjonalt, regionalt og lokalt. Skular, vidaregåande skular, universitet og høgskular blei stengt. Landegrensene blei stengt. Mange fekk pålegg om å stenge sin verksemd frå frisørar til skisenter. Vi veit at 1. mai har blitt avlyst. 75-års markeringa for frigjeringa 8. mai har blitt avlyst. 17. mai har blitt avlyst og for fyrste gong sidan 1945 står ikkje kongen på slottsbalkongen. Grendehus, svømmehallar, idrettsbygg er stengt. Idrettsarrangenment og kulturarrangement avlyst. Fotballligaen er nedstengt (og med dei eg kjenner som elskar fotball forstår eg ikkje korleis dei kjem gjennom det). OL er utsett. Fly står på bakken. Alle som jobba for bruk av kollektivtrafikk før seier no at no må folk ikkje ta tog og buss. Mange har dødd. Opp i dette er det mykje fokus på hyttebruk. Eg har alltid jobba for at Vinje skal vere ein god hyttekommune, og eg har alltid jobba for næringslivet i Vinje. Ei rad med avisoverskrifter har ikkje endra på det. 13. mars var ein fredag, det blei sett i verk ei mengde tiltak den dagen og den helga. Det var førebyggande tiltak ut frå beredskap og ut frå utryggleik – nasjonalt og lokalt. Og det blei bygd opp beredskap for eit worst case scenario. Fleire ordførarar i hyttekommunar inklusiv underteikna sa at vi ikkje kunne ha folk på hyttene no. Statsministeren og Helseministeren ba om at hyttefolk reiste ned frå fjellet, og at dei ikkje dro på hytta. Fleire ordførarar inklusiv underteikna meinte at det måtte til eit forbod. Etter eit par dagar konkluderte regjeringa med at eit forbod var fornuftig, og innførte det fram til 20. april. Det er viktig at ein ser dette som eit av mange tiltak. Nokon kommunar tok ut frå sin lokale situasjon speiselle grep som «søringkarantene», campingforbod, innreiseforbod, forbod mot bruk av gjestebrygger, stenging av uteservering m.v. Vinje kommune har då hatt eit hytteforbod som resten av landet fram til 20. april. Vinje kommune meiner at eit hytteforbod fram til 27. april er viktig ut frå meidisnkfaglege grunnar. Det meiner ikkje fylkesmannen. Det tek vi til etteretning. Så er det synd at dette har skapt eit hardt ordskifte frå mange. Og eigentleg litt rart. At regjeringa meinte det var fornuftig med eit hytteforbod til 20. april, men eit til 27. april er heilt på jordet. At eit hytteforbod til 20. april er i samsvar med Grunnlova, men eit til 27. april er i strid med Grunnlova. Mange artige kommentarar rundt dette, men eg ber alle tenke at alle offentlege etatar anten det er kommune, fylkeskommune eller stat gjer det dei kan med det oversynet dei har for det beste for alle i ei veldig spesiell tid. Det at ein kommune kan vere usamd med staten er ikkje noko nytt i dette landet. Det at ein ordførar kritiserar ein statsråd er ikkje noko nytt. Det skjer kvar månad heile året gjennom vekslande partifargar i regjeringskontora. Det at regjeringa ikkje er nøgd med dei små kommunane er jo heller ikkje noko nytt. Det er ein del av mekanismene som former norsk politikk. Og Noreg har jo lukkast bra, så det er nok sunne mekanismer. Noreg er eit lite land, og stutte tilbakemeldingsmekanismer gjer at ein kan korrigere inn ting raskt. Dette er det minst spesielle av alt det som skjer no. I Vinje har det vore brei politisk semje i 20 år om at vi skal vere ein reiselivsdestinasjon og ein hyttekommune. Det er vi. Eg har ikkje uttalt meg mot dette eller mot hyttefolket vårt i meida, men eg har uttalt meg mot regjeringa. Så er ein av oppgåvene til ein ordførar å ta telefonen når media ringer. Eg ringer ikkje journalistane, dei ringer meg. Eg har ikkje kontroll på vinkling på ei sak (som blir gjort med små ord) eller overskrifta. Når ein blir intervjua i 10 minuttar veit ikkje eg kva for stoff journalisten brukar. Heldigvis bur vi ikkje i eit land der politikaren skal diktere journalisten, men det tyder ikkje at overskrifta eller essensen blir slik eg hadde trudd. Eg skriv dette, fordi mange trur at alt som står i avisa er rett, og alt er slik eg vil ha det fram. Slik er det ikkje, og om folk som les dette les mine meldingar på FB – som eg har skrive sjølv – kan de halde det opp mot oppslag i media. Eg har heller ingen kontroll på dei kommentarfelta som kjem i pressa sine oppslag. Eg prøvar alltid å vere sakleg, og vil ikkje bli tatt til inntekt for kommentarar i felt på heimesider til media eller FB anten frå innabygds, eller utanbygds, som er usaklege. Men usaklege kommentarfelt oppsto ikkje 12. mars i år. Diverre er det mykje desse kommentarane i kommentarfelt som folk legg til grunn er haldninga mellom Vinje kommune, innbyggarar i Vinje kommune og hyttefolka våre. Slik er det ikkje. Ikkje la dei få med caps lock få øydelegge for dei mange. Eg har fått svært mange gode meldingar frå hyttefolk, men det har aldri pressa funne av stor interesse. Når pressa har spurt om eg har fått mykje kjeft har eg svart ja, men nesten all kjeft har vore sakleg. Det er heller ikkje gjenngjeve i pressa. Så til alle hyttefolk og innbyggarar i Vinje: Ikkje la kommentarfelt og mediaoppslag definere vårt samarbeid og sameksistens. Så vil eg avlsutte med at eg har blitt oppmoda til å gjere som andre ordførarar og ynskjer alle hyttefolka til fjells att no. Det kan eg ikkje, fordi vi meiner det det av medisinskfaglege grunnar bør vente ( og det er i samsvar med nasjonale råd). Eg trur vi alle gledar oss til normalsituasjonen kjem attende. Til alle som har lese heilt til no – kom dykk ut. God sundag!

Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

Haukelirennet glade deltakakarar

Haukelirennet 13. april 2024

Noregs blidaste turrenn! Haukelirennet er eit internasjonalt turrenn som blir arrangert av Idrettslaget Rein på Haukelifjell kvart år. Start og mål er i Haukelifjell skisenter,

Les meir
en_GB