Hund og mann på Haukelifjell

Om klinikken og mi utdanning

Refleksologi har utspring i gamle tradisjonar, men er hovudsakleg forska fram og utvikla i Noreg. Under kan du lese om utdanninga mi og kvar du kan finne klinikken/kontoret mitt.

Utdanning

Eg vart utdanna hos Medica Nova i 2000, og har seinare teke oppdateringskurs som fylgjer med i både samfunnet og mennesket si utvikling og forandring.
Eg er offentleg godkjend i registeret for alternative terapautar, og er medlem av NLH. Som terapaut har eg teieplikt og etiske retningslinjer som eg fylgjer strengt.

Beliggenhet

Eg har klinikk/kontor i stille og rolige omgjevnader sentralt i Haukeli. Behandlingsrommet er behageleg og roleg å vera i. Stillheita og roa er noko mange set stor pris på. Berre det å koma vekk frå støyen som me som regel omgjev oss med, kan vere ei stor frigjering for kropp og sinn.

Sjå føre deg at det er stille rundt deg, du kan ligge på behandlingsbenken med fullt fokus på heile deg, senke skuldrene, lukke augo og pust ut…. i èin time.

Velkomen hit!

Facebook
Twitter
Email
Print
en_GB