375873179_24399870802933568_4578730975656360208_n

Ein tankevekkar frå beitelaget

Facebook
Twitter
Email
Print

Her kjem ei melding frå Kjelavik beitelag:

Underteikna er sauebonde, og har sauer gåande i området rundt Haukeliseter fjwllstue (Kjelavik). Me i beitelaget har eit kjempegodt samarbeid med Haukeliseter, og dykk som turistar som gir oss tilbakemeldingar om sauer og lam som måtte trenge tilsyn. Diverre skjedde det ei hending i går som ikkje var så kjekk. Det vart av andre turistar observert ein hund som jaga eit lam på vatnet og diverre drukna/omkom dette lammet. Me sende ut personell for å prøve å berga lammet, men det var for seint når me kom fram… Personen som eigde hunden fekk tak i hunden sin og stakk frå området fekk me beskjed om… utan å melde frå. Det har heller ikkje lukkast å kome i kontakt med hundeeigar i etterkant.

Me vil berre minne om at det er båndtvang frå april – oktober og i heile området. (NB! eigne reglar for jakt/trena hundar, og det er ikkje denne typen hundar som skaper bry). Me møter veldig mange som er flinke og har hunden sin i bånd, og det takkar me dei for. Så la oss sleppe slike episodar som i går – husk å ha kameraten din i band!!! 🐕🐶 Me er like glade i 🐑🐑 som du er i 🐶🐶😇😍

Elles er me takksame for alle dei meldingane me får om sauene våre – det hjelper mykje i tillegg til dei tilsynet me utfører kvar veke sjølv.

Mvh Andreas Lundegård og resten av gjengen i Kjelavik Beitelag.🐑🤠

Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

Plakat bygdekino

Kino på Fjellvang

Èin fredag kvar månad kjem Bygdekinoen til gamle Fjellvang på Edland. Det blir visa ein barnefilm kl. 18 og ein film for dei litt eldre kl. 20.

Les meir
en_GB