badesken

BAdesKen-show i vinterferien!

Facebook
Twitter
Email
Print

«Ja, vi elsker dette landet!»

No er det duka for ein skikkeleg humorkveld i Edland med Ken Andrè Ottesen!

«Ja, vi elsker dette landet» er eit humorshow du ikkje har sett makan til!

Rare og morosame saker frå lokalavisene rundt om i lander har gjort BAdesKen til eit fenomen på sosiale medie. No tek Ken Andrè Ottesen med seg avisutklippa sine og legg ut på ein latterleg noregsturnè for å fortelje folk om korleis dei og heimstaden deira eigentelg er.

Vil nordlendingane nokon gong lykkas med å banne vekk snøen? Er vestlendingane verkeleg mindre begava enn trønderar? Er sørlandingane meir religiøse enn Jesus? Og er det eigentleg nokon andre som bryr seg om austlendingar enn austlendingane sjølve?

«Ja, vi elsker dette landet» er nyskrive kvar kveld, tilpassar seg geografisk og tar i særleg grad omsyn til inneavl hjå publikum.

Men først og fremst visar BAesKen at Noreg ikkje berre er verdas beste land. Det er òg det mest morosame!

Om arrangementet

Arrangementet er i samarbeid med Visit Haukeli, Vinjesenteret og lokalavisa vår, Vest-Telemark Blad, som i år fyller 50 år! Vest-Telemark blad har vore representert i BAdesKen sine sosiale medie fleire gonger, så me satsar på å få eit gjensyn med nokre morosame, lokale nyhende!

Humorkvelden tek plass i Festsalen på Edland skule kl. 18:30. Håpar å sjå både fastbuande og hyttebebuarar frå heile Vinje kommune denne kvelden!

Billettar kjøper du her!

Omtale

«Feelgood i fryktens tid».
Terningkast 5, Oppland Arbeiderblad.

«En fantastisk kveld med BAdesKen!».
Stormen konserthus, Bodø.

Sjå link til BAdesKen sin Instagram HER!

ken andrè ottesen
Facebook
Twitter
Email
Print

Nyeste artikler

Haukelirennet glade deltakakarar

Haukelirennet 13. april 2024

Noregs blidaste turrenn! Haukelirennet er eit internasjonalt turrenn som blir arrangert av Idrettslaget Rein på Haukelifjell kvart år. Start og mål er i Haukelifjell skisenter,

Les meir
en_GB