USA, supermakt i krise

Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen har jobba med politikk og samfunnsspørsmål i mange år.
Begge har vore NRK-korrespondentar i USA og dei har skrive mange bøker om sentrale samtidstema. Bratholm og Hoel Larsen er no pensjonistar og held føredrag om hendingar dei sjølve har vore tett på som reportarar, korrespondentar og kommentatorar. Dei set gjerne eigne erfaringar inn i ein aktuell samanheng, ofte med eit glimt i auga og med ei analytisk tilnærming til kva framtida vil bringe.
I tillegg til å arbeide i NRK har Eva Bratholm mellom anna vore korrespondent for Dagbladet i New York. Ho har dei siste åra vore knytt til utanriksdepartementet som kommunikasjonsdirektør i NORAD. Joar Hoel Larsen har også vore korrespondent for NRK i Latin-Amerika i to periodar, samt ein to-årsperiode som NRK-medarbeidar i India.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Folkeakademiet i Vinje og Vinjesenteret.

The event is finished.

Date

27 Sep 2022
Expired!

Time

12:30 - 14:00

Cost

100.00 NOK

Location

Vinjesenteret
Vinjesenteret
en_GB